Meninger

Folkerøysting om «Bibi»

Skulle Benjamin Netanyahu bli attvald som israelsk statsminister i dagens val, er evneløyse hos motstandarane forklaringa.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det burde vore uråd for Benjamin Netanyahu å bli attvald som israelsk statsminister. Skulle han klare det etter dagens val, er det evneløyse hos motstandarane hans som er forklaringa.

Benjamin «Bibi» Netanyahu har vore israelsk statsminister i ni år i tre periodar. Skulle det norske ordet regjeringsslitasje hatt noka som helst meining, burde det sendt «Bibi» langt ut av israelsk topp-politikk. Likevel er det slett ikkje sikkert at det skjer. Dagens val er meir jamnt enn på lenge.

Netanyahu og Likud-partiet hans har i det siste gått sakte nedover på meiningsmålingane­. Sionistunionen, ei samling av det gamle Arbeidarpartiet og ein tidlegare Likud-avhoppar, Tzipi Livni, leier med nokre mandat. Men Sionistunionen får neppe meir enn 25, mot Likuds 21 på målingane. Det viktigaste spørsmålet er ikkje kva parti som blir størst, sidan ingen er verkeleg store, men kven som etter valet kan hestehandle fram eit fleirtal av høgt motstridande interesser. Denne brutale hestehandelen kan, som vanleg i israelsk politikk, ta veker.

LES MEIR: Smiler han like bredt om ni dager?

Trøytt

Svært mange i Israel er trøytte av Netanyahu. Før valet har skuldingane hagla om blanding av personleg og offentleg økonomi, med kona som ivrig pengebrukar. I 1999 rauk Netanyahu ut etter at han nesten blei tiltalt for korrupsjon.

Aukande sosiale skilnader i Israel kunne isolert sett vore nok til å gjere Netanyahu til tapar. Harde angrep frå folk med sterk bakgrunn frå tryggingsapparatet, kunne gjort nokon kvar tvilande til å Netanyahu som ­garantist for Israels strategiske interesser.

LES MEIR: Titusener demonstrerte mot Netanyahu i Israel

At han ikkje alt har tapt skuldast at opposisjonen ikkje på over 15 år har makta å få fram ein karismatisk leiar som osar av tryggleik. Islamistisk terror og iransk atomprogram er trugande, og folket har gitt opp fredsprosessen. Yithaq Herzog i Sionistunionen ber nasjonens historie i slektstreet sitt. Men er det å vere son til ein leiande rabbinar og ein president nok i ei uroleg verd?

To som har støtta Herzog i innspurten, er dei to siste statsministrane frå Arbeidarpartiet: Shimon Peres og Ehud Barak. Sistnemnde gjekk god for han som garantist for israelsk tryggleik - og som mannen for gode internasjonale relasjonar. Det siste er ikkje minst viktig etter som Netanyahu har forsura forholdet til USA. Men Barak som tapte for høgresida i 2001, kva vekt har hans stemme?

LES MEIR: Hitler-argumentet

Usikre utfall

Fleire scenario kan utspele seg etter dagens val:

• Dersom valresultatet blir om lag som meiningsmålingane, kan Netanyahu framleis bli statsminister sjølv om han isolert sett taper. Det kan han bli ved at det nyskipa partiet Kulanu, starta av ein tidlegare Likud-topp, Moshe Kahlon, blir med Netanyahu, saman med ein serie ulike religiøse parti og endå meir høgreorienterte parti. Kulanu er sentrumsorientert i økonomi, og noko mindre sentrumsorientert i synet på ei fredsløysing. Netanyahu har tilbode Kahlon jobben som finansminister, men så langt fått avslag.

• Om Sionistunionen blir størst slik meiningsmålingane tyder på, kan Herzog bli statsminister. Han kan få støtte av Kulanu-partiet. Årsaka er i så fall at partistiftaren Kahlon tek ut sin sterke motvilje mot Netanyahu. Men framleis må Herzog gjere det umogelege: få fleire religiøse parti, mellom anna ultraortodokse Shas, til å sitje i same regjering som eit sekulært parti leia av ei tidlegare sekulær fjernsynsstjerne, Yair Lapid.

• Det er også råd å tenkje seg forsøk på ei samlingsregjering av Sionistunionen og Likud. Det vil krevje at folk et fullvaksne kamelar mothårs. Tzipi Livni i Sionistunionen blei kasta ut av regjeringa då Netanyahu ville ha nyval, fordi han meinte ho protesterte for mykje. Men Herzog kan sjølvsagt gjere som støttespelar Ehud Barak gjorde i si tid - å finne sin plass i kabinettet til Netanyahu. At Netanyahu no har utelukka ein palestinsk stat, vil gjere samlingsforsøk endå vanskelegare. Sionistunionen ønskjer å få ny fortgang i fredsprosessen.

• Men kanskje vil valet vise at oppslutnaden om Netanyahu blir dårlegare enn dei siste meiningsmålingane. Kan vi oppleve eit katastrofeval for Likud? Eller motsett: Kan Netanyahu i siste liten klara å ta att Sionistunionen: Netanyahu har satsa mykje på to kort: Åtvaringa mot ein atomavtale med Iran, og å prøve å slå politisk mynt på europeisk terror. I eit land der tryggingsspørsmål brukar å avgjere alle val, kan dette overtyde tvilarar.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Ryk ut?

Israelsk politikk er prega av ei mengd småparti. Denne gongen er sperregrensa heva frå to prosent til 3,25. Det einaste venstrepartiet, Meretz, er på nippet til ramle ut av nasjonalforsamlinga Knesset. Skjer det, kan det vere farvel til Herzogs draum om å velte Netanyahu og stoppe Likuds maktdominans som med nokre unntak har vart sidan 1977.

På den andre sida: Den rasistiske utaniksministeren Avigdor Lieberman kjempa fram den nye sperregrensa for å prøve å bli kvitt arabiske småparti. Dei har ni staden samla seg på éi liste som kan bli det tredje største partiet. Med sin uttalelse om «å hogge hovudet» av illojale palestinarar, har Lieberman dessutan mobilisert arabiske veljarar og styrka oppslutnaden om den felels arabiske lista. Den arabiske lista har dessutan signalisert at dei kan tilrå Herzog som statsminister.

Til høgre

Og forholdet til palestinarane? Netanyahu har rykka til høgre og valt meir og meir busetjar-retorikk som stengjer døra for ein palestinsk stat. Måndag gjorde han det heilt klart at med han attvald, blir det ingen palestinsk stat. Han kasta ut dette i siste liten for å vinne att veljarar på ytre høgre, samstundes som det blir vanskelegare å lage fleirtal mot midten.

Det blir nervepirrande dagar og veker med hestehandel.

Diskutér valet på Verdidebatt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger