Nyheter

Slumrande lukke, malande katt

Motorsag og fuglesong. Det er vår i landet.

Det finst mange definisjonar på lykke. Ein av dei er slik: «Har du ein hage, ein katt og eit piano, har du alt du treng.» Den gongen eg høyrde dette, og hadde korkje hage, piano eller katt, var eg overtydd om at dette var ein dekkande definisjon. Dette ville ha gjort meg lykkeleg.

Du får ikkje alt

No er det vår, eg har våga meg ut i hagen. Katten kjem snikande etter. Pianoet i stova er eit sjarmerande arvegods etter grandtanta til mannen min. Så då er eg vel lykkeleg då. Eg er freista til å svare ja. På trass.

Etter nokre harde veker med influensa i vinter, har eg forstått kva livet dreier seg om. Det er å finne ein stad å bu. Eg svitsja mellom tv-kanalar. Uansett kva kanal eg var innom, handla det om hus. Om å pusse opp, kjøpe og selge hus. Særleg falt eg for eit engelsk bustadprogram der programleiarane brukte mest tid på å realitetsorientere dei ulike kjøparane. Bustadkjøpinga sin ABC er beliggenheit, kvadratmeter og standard. «Og du får ikkje alt!»

Mange trudde nettopp det. Ein må då kunne leve med eit fem år gammalt bad når ein kjøper sitt første husvære! Det var herleg å sjå illusjonane breste hos unge og kravstore kjøparar. Eit anna program handla om å selge hus etter finanskrisa, og folk var desperate. Men vår ekspert hjelpte dei med små triks for å komme nærare reduksjon av ei enorm gjeld som alt hadde sett spor i slitne ansikt. «Vi veit vi vil komme til å selge med tap men…»

LES OGSÅ: Følsam ekstra large

Membranen

Å bu altså, det er ikkje berre meininga, men også sjølve lykka. Og når husprosjektet slår feil: ulykke og desperasjon. Mange ømme kjensler kan koke ned til alderen på membranen og det elektriske anlegget. Har vi råd til vår eigen plass på jorda, og kva standard vil denne få? Utsikt? Ikkje utsikt? Kveldssol? Gledestårer når huset vart kjøpt. Andre tårer når budrunda gjekk i stå. Etter dette fulgte alle programma om renovering og oppussing.

Å bygge sin eigen heim, bit for bit, hjørne for hjørne. Som om vi skal vise oss sjølve at det i alle fall er ein stad verda går i vår retning. Slik skal putene ligge! På med tapeten! Å ha vår eigen stad må ligge djupt i oss. Ein kan le, men latteren treff ein sjølv. Vi er altfor like dei vi ler av.

Eg blir ståande og stire ut i hagen, denne vesle lykka på jord. Eg har planta eit tre og eit par busker etter at vi kom hit, elles er han som før. Etter vinter kjem vår, og no er hagen blå av scylla. Det er underleg, det kjem opp av bakken av seg sjølv. Men oppussinga har flytta seg frå TV-skjermen til nabolaget. Det er ingen stille vår i gata. Det er renovasjonstid. Stillas blir sett opp. Terassar blir fjerna og nye kjem til. Huskledning fell som daude dyr mot bakken.

Om eg ikkje visste betre, kunne eg fort tru at lykka handlar om det finaste huset, den ryddigaste plenen. Ja, at dei mest glinsande taksteinane var sjølve lykkelykka.

LES OGSÅ: Flinke jenter et ikkje pommes frites

Følg oss på Facebook og Twitter!

Søk etter meining

Det er lett å gjere narr av dette. Men når folk fyk i hopetal avgarde til Ikea for å kjøpe nytt kjøkken, er det med dei beste intensjonar: ein vil ta vare på seg og sitt, til ein overkommeleg pris. Draumen om den ultimate kjøkkenkosen, husets hjarte. Kanskje fordi det vi eigentleg bryr oss om er å kunne snakke saman med dei vi er glade i (medan ein lagar mat).

Oppussing og renovasjon er eit søk etter meining, same kor meiningslaus lyden av motorsaga er. Særleg når ho overdøyver fuglesongen. Måtte alle dei nye terrassane føre godt med seg, gi innsiktsfulle samtaler, nærvere og glede. Men lykka er billegare og meir daglegdags, det er eg sikker på. Ein må berre bøye seg, klappe katten, vere umåteleg glad for det ein har. Om ein klarer det, er mykje gjort. Morgondagen kjenner ingen, men eitt er sikkert: Snart skal plenen klippast!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter