Nyheter

Ikkje vakker nok mellom beina

– Hei, eg vil gjerne bestilla ein time for kjønnslemlesting.

– 17-åringen min er rasande fordi eg ikkje lar henne få lov til å operera kjønnsleppene sine, fortalde mora. Ifølge henne var dottera slett ikkje den einaste i venninnegjengen som hadde bestemt seg for å ta kosmetisk intimkirurgi.

Oslo Plastikkirurgi har blitt oppsøkt av jenter under 18 år saman med foreldra deira. Overlegen som leier privatklinikken, Amin Kalaaji, seier til nettmagasinet Kvinneguiden at dei aldri har operert jenter under 18 år, «selv om de har stor labia (kjønnsleppe)».

– Det er viktig at de går gjennom puberteten først, forsikrar han.

Venninnegjengen treng altså ikkje å venta lenge før dei er gamle nok. Kan ein ta førarkort og stemma ved val, er ein vaksen nok til å få kjønnsorganet sitt kutta i etter gjeldande estetisk standard. Den fortvila mora var ikkje i tvil om kva som var årsaken til jentegjengen sitt ønskje om intimoperasjon: «Desse jentene er så usikre på sin eigen kropp og seksualitet.»

Medisin mot utryggleik

Mykje tyder på at mange unge satsar på perfeksjon som medisin mot utryggleik. Me i Vesten vil gjerne vera unike, men «perfekt» trumfar alltid «unik». Kven vil vel ha ein unik kropp framfor ein som er fullkommen?

I ein svak augneblink kunne me vera freista til å tru at den fullkomne kroppen er ein som kan brukast til mykje: Til å klatra i tre med, til å nyta sex med, til å synga med, til å rusla gatelangs med, til å føda barn med. Slike ting. Men når ein snakkar om det fullkomne, handlar det ofte om det vakre.

Viss du hadde halde fram eit vagina-atlas for ein heterofil mann og bede han peika på eit fullkomment kvinneleg kjønnsorgan, er det ein viss sjanse for at han peikar på eitt som liknar på det som kvinna han elskar har. I mylderet av variantar, er sjansen også stor for at han tykkjer mange ulike utgaver er like vakre.

Det er kanskje fordi han ikkje har lese nettsidene til Oslo Plastikkirurgi. Dei tilbyr ulike kjønnsleppe-operasjonar fordi «hos noen kvinner er labia major (de store kjønnsleppene) avvikende i størrelse. De kan være for store, for små eller asymmetriske». Dessutan kan «formen på labia minor (de små kjønnsleppene) være avvikende og dermed skjemmende». Ein kan også få reparert «assymetri i foldene som omgir klitoris på sidene».

Følg oss på Facebook og Twitter!

Veksande industri

Intimkirurgi er ein raskt veksande industri i Noreg, eit land der alle fordømmer kjønnslemlesting av jenter til dømes i Aust-Afrika. Afrikansk kjønnslemlesting skjer av kulturelle årsaker. Her i Noreg fjernar nå unge kvinner deler av kjønnsorgana sine av estetiske årsaker. Men estetikk er i høgste grad kultur.

Fagfolk utanfor kosmetikkirurgien reknar pornokulturen som den viktigaste grunnen til at intimoperasjonar breier om seg. Ingen har vakse opp med enklare tilgang til porno enn dagens unge. Porno-idealet er like glatt, stramt og hardt som ei barbiedokke.

Norske psykiatarar fortel at dysmorfobi er eit aukande problem, altså at stadig fleire uroar seg sjukeleg for minimale «feil» ved eigen utsjånad. Då eg spurde ein leiande plastikkirurg om han opplevde det same som psykiatrien rapporterer om, avviste han det blankt: «Ekte dysmorfobi finst nesten ikkje. Eg har aldri møtt nokon med den diagnosen, den er ekstremt sjeldan.»

Imens dukkar det stadig opp nye innlegg om intimkirurgi i nettforumet til Kvinneguiden. «Ene indre kjønnsleppen min er litt større enn den andre, i tillegg til at helt ytterst er den veldig mørk. Hva koster det å «klippe» det vekk?? Har hørt mange som har gjort det. Kan man klippe det vekk om man er under 18?» spør ei anonym jente.

Kjære deg som spør: På prislista til ein av privatklinikkane kostar det 15.500 kroner. Du har kanskje konfirmasjonspengane ståande på ein sparekonto, som du skal bruka til noko du verkeleg ønskjer deg? Men du må altså venta til du er 18.

Ann Kristin van Zijp Nilsen er redaktør av magasinet Tørst og kommunikasjonsleder i Areopagos

Les mer om mer disse temaene:

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter