Anmeldelser

Stappfull godtepose

Odd Nordstoga er her att, ja, han som gjette den hylande grisen opp på listetoppen, fremst på scenar og inn i kvarmanns heimar.

Heim te mor er ei oppvising i tempo og innhald. Frå opprocka countryfolkrocksørstatsblues med islett av reinlendersvingande polkapopgospel, senkar han takten ned i smygande, bånsullane visetakt.
Mange er dei som ønskjer å låse Nordstoga inn i bygdebåsen.

Rett om ein berre ser han med tjukke, urbane briller. Men feil! Vesttelemarkingen Nordstogas store styrkje er at han er tokulturell. Han er gardsguten som finn det like naturleg å knyte på seg Converse som å kneppe på seg busserull. Han er bygdeguten som bur i byen. Han kjenner båe stader så godt at det han syng om femner mange, svært mange.

Finn deg difor ein stille stad og lytt. Høyr på soger i eit tetthogd, forteljande språk, høyr kvifor også store gutar lengtar heim te mor, korleis storfamiliesamkomer blir eit støyande kompromiss mellom tre generasjonar (der alle taper) og om korleis kvardagskjærleiken blir levd ut.

På Luring var det Ragnar Hovlands tekst til Kveldssong for deg og meg som sette fart på salet. På Heim te mor er Hovland representert med Vårsong. Men her blir Hovlands ord framande. For språket er ikkje Nordstogas.

Når Voggesong, siste kutt på Heim te mor, tonar ut, er det berre å leggje seg ned og takke for ferda:
Detta va harleg gjæft.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser