Anmeldelser

Olav den svake

Gløym vikingkongen. I eit nyskrive oratorium vil Eyvind Skeie visa oss Heilag Olav sitt eigentlege bodskap: Sigeren ligg i nederlaget.

Krigaren Olav. Han som med sverdet i handa kjempa mot åsatruande heidningehøvdingar og med sitt veldige mot gjorde Norge klar for Kvitekrist.

Nei, seier Eyvind Skeie.
Diktarpresten har fått nok. Han er lei av å høyre om Olav som stridsmann. Han orkar ikkje fleire valdsromantiske vikingspel med høge rop og slag og sverd.
Eg vil løfta fram den andre Olav. Mennesket som sigra i døden. Han som folket samla seg om i Nidarosdomen, seier Skeie.
Difor har han saman med komponisten Odd-Johan Overøye laga kyrkjeoratoriet Passio Olavi. Søndag blir det framført for fyrste gong i Nidarosdomen, under Olavsfestdagane i Trondheim. Med dei stigande operastjernene Paul Ottar Haga og Ragnhild Eide Aklsen i spissen, vil Nøtterøy ungdomskantori ta moderne pilegrimar med på ei liturgisk reise inn i olavsmystikken.

Vi vil formidle olavstradisjonen i kyrkjerommet, med angen av kjærleik og legende. Eg trur forteljinga om Olav har kraft i seg til å vekkja ein lengt i folk til å følgje Kristus, seier Skeie.

Evig konge. Verket er bygd omkring mellomalderskriftet med same namn. Ein trur erkebiskop Eystein skreiv dette skriftet, som inneheld historia om helgenkongens veg mot liding og død. Den siste delen fortel om alle mirakla som skal ha skjedd etter at Olav fall på Stiklestad. Gjennom desse forteljingane blei olavsdyrkinga for alvor etablert, og Olav inntok plassen som Rex perpetuus Novegiae Norges evige konge.
Eg bryr meg lite om desse forteljingane er historisk sanne eller ikkje. Olav er uansett bærar av ein bodskap om å ta opp sitt kors og følgje Kristus. Det er like aktuelt no som i seinmellomlalderen.
Passio Olavi er eit såkalla helgenvita. Dette er ein litterær tradisjon kor helgnane sitt liv blir skildra som ei avspegling eller imitasjon av Jesu liv: Olav døyr og sigrar ved å døy. Han er sterk når han er svak.
Olav blir helgen ved at han vedkjenner trua, lir og døyr. Så står han opp til eit nytt liv gjennom folket si kjærleik og tru. Slik peikar Passio attende på Kristi gjerningar, samtidig som Kristus på hemmeleg vis gjer Olav til sitt heilage menneske ved å lukke ham inn i mysteriet om kors, seier Skeie.

Gjennom Oratoriet vil Skeie utfordra publikum til sjølv å gå inn det han kallar transformasjonen frå nederlag til siger. For å få fram dette har han mellom anna nytta eit sentralt motiv i ikonografien om Heilag Olav: Helgenkongen er ofte avbilda på ei trone, med eit lite vesen under føtene. Vesenet blir kalla Trollet Skalle eller «Den unge krigar». Det er bærar av kongen sitt andlet og har ei krone på hovudet.
Allereie i mellomalderen såg ein at det ikkje berre finst ein, men to Olav: Vikingkongen som står for hemn og blod, og helgenkongen som stig opp gjennom Stiklestad. Bodskapen frå biletet er at Olav må trå under fot dei vonde sidene av seg sjølv for å bli helgenkonge. Eg ser på dette som eit fantastisk bilete på den indre kampen i kvart enkelt menneske, seier Skeie.

Kors og kultur. Eyvind Skeie er oppteken av at det innebar ei stor kulturell medvitsendring at historia om Jesus blei brukt på Heilag Olav. Gjennom olavsmystikken vart kors, død og oppstode knytt til ei nasjonal forteljing.
Olavstradisjonen i Nidaros var i århundrer ei unik samankobling av reell norsk historie og trusliv. Vår generasjon kan skriva seg inn i denne tradisjonen, seier Skeie.

Han meiner olavstradisjonen utfordrar dagens kristne til å tenkje nytt om korleis kyrkja skal stilla seg til kulturen.
Når Olav dør på Stiklestad, blir han attkjend i døden som ein heilag person. Det er utenkjeleg at folket kunne sjå på Olav sitt liv som ei likning for Kristus utan at jesusforteljinga allereie var ute i folkedjupet. Dette syner kor viktig det er at kyrkja er nærværande i heile det kulturelle mangfaldet. Når korsteologi blir kulturteologi kan det skje store endringar, seier Skeie.

Han meiner Passio Olavi peikar på kor viktig det er for kyrkja å halde fast på korset som bærande symbol i både teologien og estetikken.
Vi blir dagleg prøva på vår truskap til korset. I den postmoderne kulturen kryr det av religiøse symbol som passar betre til den moderne religiøse livskjensla. Korset blir oppfatta som umoderne og gammaldags. Stadig fleire kjem til å hevda at kristendommen eigentleg har ein anna bodskap enn korset. Men Heilag Olav minner oss på kor viktig det er at vi held fast på anstøtet i korset, seier Skeie.
Mange millionar kristne lir fordi dei ber korset. Forteljinga om Olav manar oss til å vere solidariske med den forfølgde kyrkja. Dessverre er ikkje dette populært å seia, seier han.

Ærefrykt. Skeie meiner det no er på tide at det lutherske Norge opnar augo for den norske helgentradisjonen.
Eg meiner vi må ta attende dei delane av dette som vi ynskjer å eiga i framtida. Det handler om å vere medvitne om at vi er ein del av ei lang forteljing. Men det betyr sjølvsagt ikkje at vi skal gå attende til den teologiske overbygningen som prega helgendyrkinga i mellomalderen, seier Skeie.
Han meiner Den katolske kyrkja har nytta helgnane på ein måte som er strid med evangeliet sitt vesen. Difor var det rett av Luther å protestere mot helgendyrkinga på 1500-talet.
Men Luther heldt fram med å visa ærefrykt mot dei heilage som kyrkja hadde fostra gjennom århundra. I dag har den lutherske kyrkja behov for å restauere sitt trusunivers. Gud er ikkje åleine i Himmelen. Det må vere plass til englane og dei heilage. Og vi kan godt kalle dei Sunniva eller Olav. Vi trur jo at det skjer noko framfor himmeltrona, seier Skeie.

Sjølv om han vil ha helgnane attende i den lutherske kyrkja, vil han ikkje be til dei. Den grensa trår han ikkje over.
Eg vil påstå at eg er meir medviten enn dei fleste på kor langt ein kan gå og samtidig kalla seg lutheranar. I Passio Olavi har eg unngått å legge inn bøner til helgnane. Vi skal ikkje dyrka helgnane som gudar. Men det hindrar oss ikkje i å hente desse motiva inn igjen i kyrkjerommet. Det trur eg alle bibellesarar skjønar med ein gong, seier Eyvind Skeie.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser