Anmeldelser

Klassisk krutrøyk

Sergio Leones film The Good, the Bad and the Ugly frå 1966 vert no sett opp på kino i forlenga og oppussa utgåve.

Kanskje kjem Leone-rennessansen av at Quentin Tarantino er ein stor fan av han, og brukte mange referansar til Leone i Kill Bill-filmane? Uansett er denne klassiske western-filmen ein film i Tarantinos ånd ganske valdeleg og svært «kul». Dersom ein ikkje er glad i filmar der revolverduellar og offentlege hengingar er kvardagskost, bør ein definitivt styre unna «The Good, the Bad and the Ugly». For dei som derimot har ein hang til hardkokt spaghetti-western frå gamle dagar, er filmen bortimot ei gullgruve.

Raus med kulene.

Vi møter ein ung Clint Eastwood i rolla som «den gode», ein knalltøff dusørjeger som slett ikkje alltid lever opp til merkelappen som Leone gir han. «Den gode» kan faktisk vere ganske så raus med kulene, og han kvir seg heller ikkje for å lure til seg dusør på tvilsamt vis. «Den onde» er derimot verkeleg vond, det vert sjåarane aldri i tvil om. Lee Van Cleef er noko nær den perfekte (og forsåvidt stiliserte) skurk, anatomien og ansiktstrekka ropar varsku lang veg. «Den onde» både slår kvinner og skyt barn, og han torturerer «den grusomme» til vakker musikk for å fråvriste han informasjon. «Den grusomme» på si side, spela av Eli Wallach, lar «den gode» gå hattelaus i ørkenen til han svir på seg ei tredjegrads forbrenning. Dei to er kompanjongar i dusørsnyting, men ikkje altfor gode vener av den grunn.
På den nemnde ørkenvandringa hamnar dei to tøffingane i eit morosamt skjebnefellesskap. Ein diligence med ein halvdød mann dukkar plutseleg opp, og før den halvdøde døyr gir han frå seg informasjon om ein skatt på 200 000 dollar. Tilfellet vil det til at «den grusomme» får vite kva kyrkjegard pengane ligg nedgraven på, og «den gode» får vite kva namn som står på gravstøtta som markerer staden. Dermed er dei to karane nøydde til å samarbeide for å kunne nå fram til den ualminneleg store pengesummen.
Ferda går gjennom støvete utmarker og vide westernterreng, og med «den onde» i hælane rotar «den gode» og «den grusomme» seg etter kvart borti borgarkrigen.

Ramsalte replikkar.
The Good, the Bad and the Ugly er ingen blodig film, men i mange tilfelle sit livet laust for dei som kjem i vegen for våre tre treffsikre menn. Filmen var i si tid forboden i Noreg på grunn av valdsnivået. Revolvermunningen får tale høgt og mykje. Om filmen er spekka med ramsalte replikkar, er dette symptomatisk nok den mest treffande: «Når du skal skyte, så skyt, ikkje snakk!»
Elles er det dei vide landskapsbileta kombinert med tette ansiktsstudier som i stor grad karakteriserer filmen. I så måte er opningsscena eksemplarisk frå eit storslått landsskapsbilete sveipar kameraet direkte inn på eit ansikt som fyller heile lerretet. Ansiktet er eit landskap Leone elskar å leite i. Gjennom heile filmen har skodespelarane ansikt som seier tusen ord eller meir.

Klassisk krutrøyk.
Filmen vert vist utan teksting, noko som kan gjere det vanskeleg å oppfatte dialogen på engelsk. Ein fordel ved dette er at merksemda vert retta mot lyden og bileta. Regissør Leone serverer oss den eine framifrå scena etter den andre absurde, morosame, brutale og Ennios Morricones svært visuelle filmmusikk er sjølve definisjonen på westernstemning. («A-i-a-i-a. Bam-bam-bam.»)
For dei som likar sjangeren, er «The Good, the Bad and the Ugly» ei nypussa perle. Sergio Leones spaghetti-western verkar forbausande kvikk trass alderen, og fortel oss ei slentrande historie i skyer av klassisk krutrøyk.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser