Nyheter

Syrisk klosterleiar fryktar lang, blodig borgarkrig

– Vi kan ikkje teie stille, skriv fader Paolo Dall´Ogilo i Deir Mar Musa.

Midt i volden i Syria der regimet med brutal makt slår ned opprøret for demokrati, kjem eit fortvilt brev frå klosteret Deir Mar Musa.

Han åtvarar: Den nasjonale einskapen er på spel og dersom den ryk, vil det bli ein langvarig og blodig borgarkrig.

Fader Paolo Dall´Ogilo har bygt opp att det gamle klosteret i ørkenen, det er blitt eit senter for kristen-muslimsk dialog. Han har også gjesta Noreg. Klosteret sende ut brevet på engelsk, fransk og italiensk i samband med påska.

LES OGSÅ: Syria: Assad har gått til krig. Det ligger lik i gate

– Vi kan ikkje teie stille og la vere å gje uttrykk for den djupe smerta vår i møte med den pågåande valden og den utolelege smerta, heiter det i klosterhelsinga.

Klosterfolket uttrykkjer solidaritet med alle offera og skriv at dei gjer det med tårer, bønn og gjestfridom.

Klosterleiinga gjer det klart at det er kristen splid: I følgje brevet finst det kristne som ikkje ser alternativ til dagens regime.

– Vi, på den andre sida, har alltid meint at det er råd gradvis å byggje eit demokratisk og pluralistisk samfunn der ein kan garantere rettane til dei religiøse og etniske minoritetane med verd for alle, heiter det i brevet.

Klosteret seier at dei står for ikkje-vald og dialog som kan byggje bru over den gjensidige frykta som nører opp under konflikten.

– Når vi ser framover er ikkje sant demokrati berre noko for folk i vesten eller ein feilslått ide, heiter det.

Klosterleiinga minner om at Syria ligg mellom Libanon som er splitta mellom religiøse samfunn, Irak med stor utryggleik og Israel som alltid er blitt sett på som fienden.

– På grunn av dei kreftene og interessene som er involverte, er det nasjonale einskapen vår som står på spel. Tapet av den vil ikkje skje utan ein langvarig og blodig borgarkrig.. Vi er overtydde om at ein stor majoritet av folket i Syria ser på seg sjølv som del av eit samla samfunn i ein sivilisasjon dei kan dele. Vi håpar framleis at sann talefridom kan tillate at synspunkta til mange kan bli høyrde.

Dei ber om at syklusen med hemn vert stoppa og at valden vert stoppa.

– Vi ber også om at freistinga til terror vert unngått.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter