Religion

– Sex- og valdskultur farlegare enn islam

Evangelikale kristne leiarar ser sekualarisering som ein større trussel mot kristendommen enn islam, viser fersk global måling.

Nær 2200 evangelikale kristne frå 166 land og område tok del i meiningsmålinga. Den største trusselen mot evangelisk kristendom er sekularisering, meiner 71 prosent av dei spurde

Deretter kjem forbrukarkulturen med 67 prosent og sex og vald i popkulturen med 59 prosent.

Til samanlikning var det berre 49 prosent som peikte på innverknad frå islam som den største trusselen. På den andre sida vert innverknad frå islam sett på som ein større trussel enn teologisk splitting kristne i mellom og politiske restriksjonar mot kristendommen, viser undersøkinga.

Undersøkinga er utført av det velsedde Pew Research Centers Forum on Religion and Public Life. Undersøkinga viser også at evangelikale kristne i Sør er meir optimistiske for framtida enn til evangelikal kristendom enn deira brødre og søstre i Nord, melder Christian Today.

Medan sju av ti evangelikale protestantiske leiarar i Sør ventar at situasjonen vil bli betre i landa deira fem år frå no, var tala langt dårlegare blant kollegaer i Nord. Der ventar to av ti situasjonen å vere den same og kvar tredje reknar med at den blir verre.

Leiarane i sør ser at dei får auka innverknad i samfunnet, medan det motsette er tilfellet i Nord der to av tre svarar at dei evangelikale kristne får mindre innverknad.

Funna er gjorde på bakgrunn av svara frå evangelikale leiarar som deltok i Third Lausanne Congress on World Evangelisation i Cape Town i oktober.

Undersøkinga viser nær full semje i fleire nøkkelspørsmål, som at tru fører til evig liv. Sentrale familiespørsmål er det også stor semje om. Til dømes seier ni av ti at abort er gale - det vil seier at 45 prosent seier at det vanlegvis er gale og 51 prosent seier at abort alltid er gale.

Åtte av ti seier at samfunnet skal motverke homoseksualitet og at menn skal vere religiøse leiarar i ekteskap og familie.

Halvparten av dei spurde svarte at Bibelen skal levast bokstaveleg, ord for ord, medan den andre halvparten ikkje les Bibelen på den måten.

Halvparten sa også at det å drikke alkohol ikkje kan sameinast med å vere ein god evangelikal kristen. 4 av ti meinte at å drikke alkohol er i orden for å ein kristen. Men i Sør er det tre av fire som avviser alkohol for ein kristen - 75 prosent mot 23 prosent.

Forsamlinga er også delt i midten i synet på om ein må tru å Gud for å vere ein moralsk person. 49 prosent svarte ja, like mange svarte nei.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion