Nyheter

Satsar meir på Apple enn Afrika

Norske selskap hentar store utbytte i Afrika, men Oljefondet er forsiktige. Aksjeposten i Apple er meir verdt enn heile Afrika-investeringa.

Afrika er eit kontinent prega av sterk økonomisk vekst. Sjølv om det er store variasjonar mellom dei 54 landa, er sju av dei ti landa i verda som opplever raskast vekst, afrikanske.

Men norske aktørar ser ulikt på Afrika:

• Fleire norske selskap har store, verdifulle investeringar i afrikanske land.

• Oljefondet, verdas største offentlege fond, er forsiktige nå dei vurderer aksjepostar i afrikanske selskap.

Apple versus Afrika

Fredag la Oljefondet fram årsrapporten for 2014. Ved årsskiftet hadde fondet eigarpostar i afrikanske selskap som var verdt 28,6 milliardar kroner – i 2013 var summen 21,3 milliardar.

Til samanlikning eig Oljefondet aksjar i Apple for 35,5 milliardar kroner. Dette teknologiselskapet produserer svært etterspurde mobiltelefonar, lesebrett og datamaskiner. Fondets største aksjepost, er matvaregiganten Nestlé, nesten 48 milliardar kroner.

Etterlyser dragkraft

I 2013 rapporterte norske bedrifter som driv business i Afrika om eit samla utbytte på 25,2 milliardar kroner fortel tal Bistandsaktuelt har henta inn frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Tala gjeld direkteinvesteringar; der norske selskap eig 20 prosent eller meir. Angola, Nigeria, Algerie er viktige land. Her har Statoil investert stort i utvinning av olje og gass.

I Norwegian-African Business Association (NABA), ein organisasjon som pressar på for å auke handelen mellom Norge og afrikanske land, er meldinga klar:

– Det store norske lokomotivet, Oljefondet, burde ha investert meir i afrikanske land, seier dagleg leiar Eyvind Fjeldstad til Vårt Land om summen på vel 28 milliardar kroner.

LES MER: Oljefondet taper mest på olje

Større middelklasse

Han meiner fondet er for forsiktige når dei ikkje har funne fleire afrikanske selskap interessante.

– Kvifor skal ein investere i afrikanske land no?

– Middelklassen er i rask vekst. Etterspurnaden etter konsumvarer er sterk, blant anna, forklarar Fjeldstad.

I Afrika er Oljefondet særleg inne i næringar som telekom, bryggeri, byggjevarer og bank.

I 2013 sa Oljefondet at dei ville auke investeringane i Afrika. Då ut utgjorde dei afrikanske aksjepostane 0,6 prosent av porteføljen til fondet.

Ved årsskiftet passerte Oljefondet 6.000 milliardar. No utgjer dei afrikanske aksjane 0,7 prosent av fondet.

LES MER: – Finansbyråkratene henger 10-15 år etter

Tre hinder

Oljefondsjef Yngve Slyngstad har sagt til Vårt Land at det er tre hovudhinder for fondet i Afrika:

Pengar kan forsvinne i sjølve handelstransaksjonen, det manglar godt juridisk vern av midlar og det manglar velfungerande finanstilsyn som kan gripe fatt i unotar.

I årsrapporten for 2014 skriv Slyngstad og hovudstyreleiar Øystein Olsen dette om investeringar i såkalla framveksande marknadar:

«Vi vil fortsette å legge til flere markeder i porteføljen så snart de tilfredsstiller våre krav til markedsstandarder. Vi erkjenner at investeringer i nye fremvoksende markeder innebærer en høyere risiko for fondet og legger derfor stor vekt på å ha på plass gode systemer for risikohåndtering.»

Følg oss på Facebook og Twitter!

Samling i Oslo

Neste veke arrangerer NABA ein handelskonferanse der overskrifta er Afrika - det stigande kontinentet. Medarrangørar er Utanriksdepartementet, Innovasjon Norge og Den afrikanske utviklingsbanken.

– Kva land vil du på konferansen trekkje fram som naturlege land å investere meir i, Fjeldstad?

– Det blir Kenya, Nigeria, Angola, Rwanda, Tanzania, Ghana og Etiopia.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter