Nyheter

Franklin Graham reiser tvil om Obama er kristen

TD Jakes krev at Franklin Graham ber presidenten om orsaking.

Den kjende amerikanske pastoren Franklin Graham, son av verdsevangelisten Billy Graham, har tillate seg offentleg å stille spørsmål ved om president Barack Obama er ein kristen.

I eit intervju med ABCs Christian Amanpour i søndagsprogrammet «This Week» 24. april vart Graham spurt om presidenten er ein kristen. Graham svarte:

– Han har sagt til meg at han er ein kristen. Men debatten kjem, kva er ein kristen? For han tyder det å gå i kyrkja at han er ein kristen. For meg er definisjonen på ein kristen om vi har gitt vårt liv til Kristus og følgjer han i tru og at vi stolar på han som frelsar og Herre. Det er definisjonen på ein kristen. Det handlar ikkje om kva kyrkje du er medlem av. Eit medlemskap gjer deg ikkje til ein kristen.

Amanpour spurte om han faktisk ikkje trur det presidenten seier. Graham svarte at han ikkje ville seie at presidenten ikkje er ein kristen. «Eg meiner at Gud er den einaste som kjenner hjarta hans».

Dallas-pastor TD Jakes, ein av dei pastorane som regelmessig ber med president Obama, har no kravd at Franklin ber om orsaking til Obama.

– Det er fornærmande. Vi stilte ikkje spørsmål ved kristentrua til presidnet george W. Bush då han sa at han aksepterte Kristus, og eg er skuffa over pastor Franklin Graham», sa Jakes ifølgje nettavisa Christian Post.

Graham har også sagt at Obama blei fødd som muslim og at islam framleis er sådd i han. Graham la til at under islamsk sharia-lov er Obama framleis ein muslim sidan far hans var muslim.

Jakes sa også at han håpar Franklin Graham ber om orsaking til Obama.

– For dersom presidentens tru er suspekt, er også oss andre si tru suspekt, fordi Bibelen er klar på kva som skal til for å bli frelst, og presidenten har vore klar på at han aksepterer Kristus og han har ope vedkjent trua, seier Jakes.

Intervjuet vart halde i diskusjonen som Donald Trump reiste om fødselsattesten til Obama. Obama har seinare lagt fram fødselsattesten som viser at han er fødd i USA.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter