Nyheter

Fann sakna pyramide

Egyptiske arkeologar har funne «den sakna pyramiden» frå farao-tida og ein seremoniveg der øvsteprestar bar mummifiserte levningar av heilage oksar.

Pyramiden som vart bygt for meir enn 4.000 år sidan, vart funnen sør for Kairo, ifølgje dei egyptiske arkeologi-styresmaktene.

Zahi Hawass seier at pyramiden som berre fundamentet er att av, skal vere bygt av Menkauhor, ein obskur farao som styrte riket berre i kring åtte år.

I 1842 nemnde den tyske arkeologen Karl Richard Lepsius Menkauhors pyramide mellom funna sine i Saqqara, han kalla den «den hovudlause pyramiden» fordi toppen mangla.

Men ørkensanden dekte til funnet hans, og seinare har ingen arkeolog vore i stand til å finne denne pyramiden.

Men no er den funnen, melder telegrambyrået Associated Press (AP), melder CNN .

I Saqqara er det ei mengd graver frå tida i Memphis, hovudstaden i det gamle Egypt, sør for Kairo.

Saqqara ligg litt lengre sør for den noverande egyptiske hovudstaden enn Giza der dei aller mest kjende pyramidane står.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter