Nyheter

– Barn med tre foreldre innan tre år

Britiske forskarar trur barn med tre foreldre kan vere nøkkel for å unngå genetisk sjukdom.

Forskarar ved Newcastle University har dyrka menneskelege embryoar etter å ha smelta saman DNA frå to befrukta egg. Dei har nytta ein teknikk som snart kan brukast for å hindre alvorlege genetiske avvik som rammar 100 britiske barn kvart år. Det er forskarane sin draum, og meldinga kjem i den engelske avisa The Times.

Metoden er laga for å korrigere feil i kraftverket i cellene, mitokondriane. Hovuddelen av arvestoffet til eit barn sit i kjernen i cella. Men litt arvestoff sit også i cellekjernen. Dette vert kalla mitokondriar og er ein slags kraftverk i cella.

Feil i mitokondriane kan utløyse dødeleg hjartesjukdom og liknande tilstandar i lever og musklar.

Ved å setje kjernen i ei eggcelle over i ei anna eggcelle som er tømt for arvestoff, men som altså inneheld arvestoffet frå den kvinna som gir egget. Difor vil eit barn ha arvestoff frå tre foreldre: Mesteparten, 99,8 prosent, vil komme frå dei opphavlege foreldra. Den siste biten vil komme frå kvinna som gir egget med friske mitokondriar.

Doug Turnbul som har leia forskinga, seier at metoden har potensiale til å hjelpe foreldre som risikerer å få barn med mitokondrisjukdommar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter