Nyheter

Truga av politiet for å vise bibelvers på TV

Politiet truga med å arrestere ein kaféeigar i England som viste bibelpassasjar på TV-skjerm.

Jamie Murray, ein kristen kaféeigaren i Blackpool, hadde i ei årrekkje vist ei opplesing av det nye testamentet på fjernsynet i kafeen. Ein dag dukka politiet opp og truga med å arrestere Murray, om han ikkje stoppa framsyninga. Årsaka var at ein gjest hadde klaga på at DVD-en oppmoda til homohat, skriv den britiske nettavisa Mail Online.

Følte seg kriminell. Politiet dukka opp utan forvarsel og forhøyrte Murray i omlag éin time. Han fortel at han skrudde av DVD-en etter eit «aggressivt forhøyr» der han frykta å verte arrestert.
– Eg fortalde dei at det som vart vist på skjermen var orda frå det nye testamentet, og at eg alltid skrur lyden skrur av. Dei fekk meg til å føle meg som ein kriminell, fortel han.
No har Murray sjekka kva rettar han har, og nektar å la politiet skremme han frå å vise DVD-en.
– Det er galskap. Kristne må stå opp for det dei trur på, seier han.

Trur Paulus provoserte. Murray, som får støtte frå det kristne instituttet i England, fortel at det ikkje har kome fram kven som klaga, eller kva vedkomande klaga på. Han gjettar at det kan ha vore en reaksjon på siteringa frå Paulus brev til romarane. I første kapittel, vers 25 til 27 står det følgjande:
«Derfor overgav Gud dei til skammelige lidenskapar. Kvinnene deira bytta ut det naturlege samliv med det unaturlige. På same måte slutta mennene å ha naturleg samliv med kvinner og brann i lyst etter kvarandre. Menn dreiv utukt med menn, og dei måtte sjølv ta straffa for si villfaring.»
The Christian Institute i England, som støtter Murray, planlegg å klage på politiet.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter