Nyheter

Religiøs republikanar = gåvmild

Mitt Romney manglar berre eitt av kjenneteikna på ein typisk glad gjevar.

Innbyggjarane i statar med stort religiøst engasjement gir bort meir av inntekta si folk i andre statar. Og republikanarar gjev meir enn demokratar, viser ei amerikanske studie, skriv svenske Dagen.

I det såkalla bibelbeltet i dei sørlege statane i USA, gir innbyggjarane 5,2 prosent av inntekta si. Dei nordlege statane er dei mest gjerrige og til dømes gir New Hampshire-innbyggjarane berre 2,5 prosent.

I staten Utah, som har mange mormonske innbyggjarar, ligg snittet på heile 10,6 prosent.

Mest frå republikanarar. Givargleda følgjer også dei politiske skiljelinjene. Dei som stemte på republikanarane sin kandidat, John McCain, gir meir enn innbyggjarane i statane som hadde fleirtal for demokraten Obama.

Det er avisa Chronicle of Philanthropy som står bak undersøkinga. Dei har sett på folk sine skattefrådraga for gåver i 2008 som er den siste statistikken tilgjengeleg om sjenerøsitet. Assisterande redaktør Peter Panepento meiner statane sin religiøse samansetning betyr meir for givargleda enn politisk ståstad. Han argumenterer med at statane som gir minst også har lågast del av religiøse innbyggjarar.

Fattige gir mest. Alan Wolfe, professor ved Boston College, meiner derimot det er feil å kople religion og sjenerøsitet. Han meiner at folk i dei mindre religiøse statane kan gi på andre måtar, blant anna ved at dei er meir ærlege med å skatte av alle sine inntekter.

Studia viser også at dei rikaste gir minst. Amerikanarar med inntekt mellom 300.000 og 500.000 kroner gir 7,6 prosent av si inntekt, medan dei som tener 700.000 eller meir berre gir 4,2 prosent. Men gåvene til dei rike aukar dersom dei bur i område der få er like velberga som dei sjølve.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter