Nyheter

Oase-topp: ‘Vi er i en alvorleg situasjon’

I fjor refsa Kari Holmås forbønnspraksisen på SommerOase. No får ho støtte frå broren, som ikkje lenger vil sitje i leiargruppa.

– Eg opplever at Oase er i ein så alvorleg åndeleg situasjon at det er vanskeleg å vere ein del av leiarskapet akkurat no. Det meiner eg uavhengig av korleis Oase har behandla Kari, seier Geir Otto Holmås.

Langvarig bråk. Han er førsteamanuensis i teologi på Menighetsfakultetet. Han er også bror til Kari Holmås, som frå talerstolen på SommerOase kritiserte deler av bevegelsen sin profetiske forbønnspraksis. Saka vakte til dels sterke reaksjonar. Eit halvt år etter episoden fekk Kari Holmås beskjed om at ho ikkje lenger kunne vere medarbeidar på sommerstemnet.

LES OGSÅ: Snakker ut etter profeti-refs på sommerstevne

Forkynnaren svarte med eit lesarinnlegg i Dagen, der ho kritiserer Oase-leiinga for å «smette­ unna» kritikken ho har kome med og for å vere «et lederskap som bare er opptatt av å behalde sin egen fasade og plassere problemet lengst mulig bort fra seg selv».

Bladet frå munnen. Broren Geir Otto har så langt ikkje ville uttale seg i saka, men tek no bladet frå munnen etter å ha teke permisjon frå å sitje i leiar­gruppa.

– Vi opplevde sist sommar å få ein alvorleg bodskap om å reinse oss og omvende oss. Det har vi i leiarskapet ikkje vore på høgde med.

– Med alvorleg bodskap meiner du talen til din søster?

– Først og fremst. Men også andre talarar på dette sommarstemnet la vekt på å vende om og at vi må reinse oss til å leve heilage liv.

Teologen har blitt omtala som inhabil i saka til søstera.

– Det er det som har stått i avisene, ja, men det er meir rett at eg har blitt erklært inhabil ­internt i leiargruppa.

– Har du sjølv ikkje ønska å bli erklært inhabil?

– Det er ikkje tvil om at eg har sitte i ein veldig utfordrande situasjon som bror. Eg har difor full forståing for at eg har blitt erklært meg som inhabil.

Teologen har også avlyst si deltaking på årets Sommer­Oase, der han eigentleg skulle ha seminaret «Bibelens autoritet i ei postmoderne tid».

– Eg ser ikkje på det som naturleg å vere med når eg har teke permisjon frå leiarskapet, seier han.

– Du går langt i å støtte søstera di i denne saka. Kan ikkje ditt syn bli veldig farga av at Kari er nettopp søstera di?

– Eg skjønar at mange vil kunne tenke slik. Men for meg handlar ikkje denne saka først og fremst om Kari, men om noko mykje meir grunnleggjande: Korleis vi som Guds folk i dag stiller oss når Gud kallar oss til reinsing og omvending.

– Toppen av isfjellet. Kari Holmås skriv i ein e-post til Vårt Land at ho trur utestenginga av henne «berre er toppen av eit isfjell der det ligg mykje bak, forhold eg har lite konkret innsikt i, men som handlar om djupare andelege motsetningar enn det leiarskapet i Oase tilsynelatande ønsker å erkjenne offentleg».

– Uenigheit som ein legg lokk på eller omdefinerer som ein «personalsak», er maktbruk frå leiarskapet si side. Eit sunt kristent fellesskap tåler at vi opent drøftar tema vi ser ulikt på. Det kan folk ta stilling til, og då kan alle gjere seg opp si eiga meining. For meg er ærlegskap og openheit den einaste måten vi kan bygge genuin einskap på.

Fjernar omstridd telt. Leiar i Oase-leiarskapet, Gjermund Eikli, har ikkje anledning til å kommentere kritikken til Holmås-­søskena.

– Kvifor er de tause til kritikken og behandlar dette som ein personal­sak?

– Det er på grunn av at saka går på relasjonen mellom Kari og oss. Sidan dette går på relasjonar er det ikkje naturleg å dele med pressa.

LES OGSÅ: Oase legger lokk på personalsak mot kritiker

– Betyr det at det er vanskeleg å samarbeide med Kari Holmås?

– Det har eg aldeles ikkje sagt. Vi har meir dialog enn kva som kjem fram i pressa.

Eikli fortel at gruppa på fem-seks personar som i fjor bad og profeterte over Oase-deltakarar, ikkje vil vere med i år. Men den ordinære forbønns- og vegleiingstenesta vil dekke denne funksjonen.

Det var praksisen til den utfasa gruppa som Kari Holmås i fjor kritiserte, og som opererte framfor eit telt som stod i møte­salen.

– Er fjerninga av telet eit resultat av Kari Holmås sin kritikk?

– Nei. Det er eit resultat av ein lang prosess som starta lenge før kritikken hennar kom fram.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter