Nyheter

Misjonskonferanse trudde på 1.000 deltakarar - har fått 200 påmelde

Det skulle bli ei stor misjonssamling i Stavanger og Sandnes. No må arrangøren kutte i programmet og forlenge påmeldingsfristen.

«1.000 deltakarar er venta», proklamerte arrangøren i fleire aviser og på nettsider før sommaren. Men det som skulle bli Noregs største misjonsfestival har så langt berre fått litt over 200 påmelde.

Forsøkte å samle alle

Norsk råd for misjon og evangelisering (Norme) og Norges kristne råd er arrangørar av konferansen. Desse paraplyorganisasjonane håpa på å samle så godt som heile breidda av kyrkjer, misjonsorganisasjonar og kristne rørsler i Noreg til konferanse.

– Det var ikkje alle som forventa tusen deltakarar, men vi hadde forventa fleire enn dei dryge 200 som er påmeld, seier generalsekretær i Norges kristne råd, Knut Refsdal.

Han legg til at dei må evaluere i etterkant av arrangementet for å finne årsaka til den låge påmeldinga.

Det er Norme sin årlege Link-konferanse, Imi-kirkens Agenda 1-konferanse og pinsekyrkja Klippens misjonskonferanse for ungdom Ut som i år er slått saman til det som skulle bli ei storsamling. Arrangementet byrjar torsdag 30. oktober og varer til søndag 2. november.

– Desse tre konferansane samlar til vanleg rundt 400 deltakarar, så vi ligg berre eit par hundre under det. I tillegg ventar vi at mange kjem på dagsbesøk, seier generalsekretæren.

LES OGSÅ: 100 års misjonssuksess

– Langt til Rogaland

– Kvifor klarer de ikkje samle dei 400 som til vanleg deltek på desse konferansane?

– Link-konferansen er til vanleg i Oslo og berre ein dag. Ein del synes nok det blir mykje å reise til Stavanger og Sandnes for fire dagar. I tillegg har vi ikkje lukkast med å få med pinsebibelskular som tidligare har delteke på ungdom Ut-konferansen til Klippen. Men mange i Imi-nettverket vil nok bli med på deler av konferansen.

– Meiner du at de ikkje burde gått ut med 1.000-talet?

– Kanskje, det var nok det mest optimistiske talet. Samtidig er dette eit unikt arrangement som vi hadde håpa mange fleire ville delta på.

FØLG DEBATTEN: Vårt Land på Facebook og Twitter

Kuttar i programmet

Konferansen hadde planlagt omlag 40 seminar, men kuttar no omtrent ein tredel av seminara. Alle seminar som har mindre enn ti deltakar går ut.

– Er det vanskeleg å engasjere folk når temaet er misjon?

– Ja, vi har ei utfordring. Vi snakkar ikkje om misjon som ei smal interesse som nokre få kristne driv med, men om korleis alle i kyrkja er med i misjonens unike oppdrag. Det hadde vi håpa fleire hadde tent på.

Refsdal seier at det likevel ikkje blir noko underskot å snakke om, sidan mykje av programmet er basert på seminarhaldarar som det ikkje er knytt kostnadar til.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter