Nyheter

I bønn for Bieber

Hundrevis av kristne i Oslo ber om at superstjerna skal føre fansen til Jesus.

– Bibelen seier at vi har eit ansvar for å be for kongar og alle i høge stillingar. No ber vi for kongen av pop, seier Jon Steinar Kjøllesdal.

Han er med i leiinga for bønnenettverket Et forvandlet Oslo. Nettverket sender ut e-postar til rundt 450 mottakarar med tema som kristne kan be for. Denne månaden er superstjerna Justin Bieber ein av punkta på lista.

VÅRT LAND MENER: Det smaker vondt når kristne forsøker å gjøre Justin Bieber til den store verdensevangelisten.

Førebilde. – Kvifor treng Bieber forbønn?

– Han er eit førebilde for veldig mange, og han kallar seg kristen. Dersom han står fram med eit klart vitnesbyrd, kan det føre mange til tru på Jesus, seier Kjøllesdal.

Sjølv kallar bønneleiaren seg for «skap-fan» av superstjerna. Han fortel at nettverket dessutan alltid ber om at store arrangement i byen skal gå trygt for seg. No ber han om at det skal gå Bieber og fansen godt.

LES OGSÅ: – Skrik for Justin Bieber

– Vi ber dessutan for den tøffe situasjonen som Bieber er i. I kjendisbransjen er det vanskeleg å halde høg etisk standard når det gjeld pengar, sex og det å ikkje utnytte sin posisjon som stjerne.

LES OGSÅ: Kosepatrulje skal reparere knuste Bieber-hjerter

Fascinert. Kristenleiaren er fascinert over Justins bakgrunn. Mora til superstjerna fortel i sjølvbiografien sin at dersom ho ikkje hadde blitt kristen før graviditeten som 18-åring, hadde ho gitt etter for presset og abortert vekk fosteret. Sidan har ho laga ein antiabortfilm, eit standpunkt som også sonen Justin har flagga ved eit par tilfelle.

– Det viser kva som er mogleg når ein vel livet, seier Kjøllesdal.

Sist gong Bieber var i hovudstaden oppstod det kaotiske tilstandar. Tusenvis av tenåringsjenter fotfølgde han frå han landa på Gardermoen til han stod på scena ved Operaen dagen etter.

LES OGSÅ: Justin Biebers mor vart råda til å abortere vekk sonen

Glad for bønn. Presseansvarleg for konsertane arrangert av Atomic Soul, Elisabeth Norheim, er glad for bønnehjelp.

– Det er fint at folk ber og sender gode tankar.

– Er det noko du vil kristne skal be for?

– Be for godt vêr, slik at det blir betre for ungdommane som skal stå i kø.

Norheim er sjølv kristen. Ho er adoptert av ein misjonærfamilie frå Misjonssambandet og har gått på dei kristne skulane Tryggheim, Ansgarskolen og Gimlekollen.

– Ber du sjølv for arrangementet eller Bieber?

– Nei, eg har ikkje hatt tid til å huske på å be. Men no minna du meg på det, så då skal eg gjere det, ler Norheim.

LES OGSÅ: Justin Bieber: Sett Gud og familien først

Pressekontakten kjenner mange kristne foreldre som sender barna sine på konserten, og «reknar med at dei tek ansvar for å be om eit trygt, godt og morosamt arrangement».

Dagleg leiar i organisasjonen Familie & Medier, Jarle Haugland, jublar over kristnes bønn for Bieber og tryggeiken på konsertane.

– Sett utanfrå er det trist å registrere store tenåringsidol i musikkbransjen som har fronta kristne verdiar, slik som Britney Spears gjorde tidleg, men som ender opp med skandalar. Bieber har eit enormt trykk på seg, og vår bønn kan hjelpe han.

Haugland trur Biebers kristne tru kan påverke fansen.

– Verdistandpunkta hans er det nok mange av fansen som legg merke til og nokon vil adoptere meiningane.

– Sist snudde Bieber Oslo på hovudet. Så kven kan forandre Oslo mest: Bieber eller Jesus?

– Utan tvil Jesus. Jesus gir rusmisbrukarar nytt liv, løftar folk opp og gir dei sjølvtillitt og kan få folk vekk frå å ta abort.

– Få folk vekk frå abort kan vel Bieber også?

– He he, det er sant. Men spørsmålet ditt blir litt søkt i og med at Bieber har fronta enkelte kristne standpunkt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter