Nyheter

Foreldremøte i moské skaper bråk

Foreldremøta ved Kolstad skule i Trondheim brukar å vere i gymsalen. I år møttest foreldra heller i moskeen.

– Ideen kom på eit møte med foreldreutvalet, forklarar rektor ved Kolstad skule, Øystein By Rise, til Vårt Land.

Kvar vår har barneskulen eit større foreldremøte som tek føre seg eit bestemt tema. Dei siste to åra har mobbing og mangfald stått på timeplanen. I år vart det islam. Det var Byavisa i Trondheim som først omtalte saka.

– Moskeen har jo vore her eit års tid, den ligg rett ved skulen, og eg har sjølv vore nysgjerrig på kva som skjer der, seier rektoren.

Frp kritisk

Reaksjonane lokalt har ikkje berre vore positive. Leiar i Trondheim Frp, Morten Ellefsen, meinte møtet burde blitt avlyst.

– Foreldremøte bør haldast på skulen og ikkje i en moské. Ein skal også vise respekt for dei som eventuelt ikkje kjenner seg komfortable med å vere med på eit møte i ein moské, sa Ellefsen til Byavisa.

Leiar for foreldreutvalet (FAU) ved Kolstad skule, Helen Thomasgård, stiller seg undrande til kritikken.

– Eg trur ikkje han har forstått kva vi vil oppnå, seier ho til Vårt Land.

Ho har sjølv barn i 4. klasse på skulen.

– Vi ynskjer å skape meir forståing og samarbeid, og møtet opna mulegheita for at vi kan snakke betre saman. Det er eit morosamt og positivt tiltak, seier Thomasgård.

Stilte spørsmål

Onsdag denne veka var det duka for storforeldremøte på Kolstad. Først var det individuelle møter på skulen. Deretter gjekk alle til moskeen. Ifølgje FAU-leiaren møtte 100-120 foreldre opp. Alle måtte ta av seg på beina før dei samla seg i bønnerommet. Det var stor stas, ifølgje rektor Rise.

– Imamen fortalde om islam. Han snakka mellom anna om haldninga til terror og praktiseringa av omskjering. Han var open og dyktig, seier Rise.

Deretter fekk foreldra stille spørsmål.

– Det var mellom anna ei mor som synest det var så trist at muslimske barn ofte ikkje kom i bursdagsselskap dei er invitert til. Imamen presiserte at det var ingenting i deira lære som tilsa at barn ikkje skal gå i selskap, og råda henne til å ta kontakt med foreldra, fortel Rise.

Førebygge fordommar

– Kvifor var det viktig for deg å ha møtet i ein moské?

– Mangel på informasjon skaper fordommar. Vi gjorde dette for at foreldre og lærarar skulle lære om kvarandre. Då slepp ein å lure og gjette seg fram til kva dei andre gjer eller tenkjer, seier Rise.

– Har du fått reaksjonar frå foreldra?

– Eg har fått to e-postar frå foreldre på skulen som er skeptiske og lurer på kvifor vi skulle ha møtet i ein moské. Elles har eg fått mange positive tilbakemeldingar frå foreldre som meinte det var modig og på høg tid at vi gjorde dette.

Minoriteten som vert

Sturla Stålsett leia det offentlege utvalet som greia ut om trus- og livssynspolitikken under den raudgrøne regjeringa. Han er positiv til at foreldra ved Kolstad skule fekk lære meir om islam.

– Det er alltid bra å møte folk på heimebane. I tillegg er det fint at ein her vel minoriteten framfor majoriteten, meiner Stålsett.

– På kva måte då?

– Vi kan jo samanlikne med skulegudstenester. Det er to utfordringar ved desse, både at det er ei gudsteneste og at det handlar om majoriteten si tru. Om ein er det einaste barnet i klassa som har anna livssyn og derfor ikkje vil vere med, så kan det kjennest vanskeleg å seie nei. Det er naudsynt med heilt like alternativ, meiner Stålsett.

– I dette tilfellet i Trondheim får minoriteten, som ofte er på bortebane, vere vert. Det er positivt.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Kyrkja neste

Sjølv om Stålsett meiner at nordmenn bør ha stor toleranse for religion i norsk offentlegheit, er han klar på at det må vere fritt.

– Om der er ei sterk forventning eller eit krav om å vere med på noko felles, så kan det bli eit problem om det har ei livssynsramme. Men det verkar som dei i Trondheim har løyst dette på ein fornuftig måte, seier Stålsett.

Ifølgje rektor Rise var det somme foreldre som berre var med på møtet på skulen og ikkje i moskeen. Det synest han er heilt greitt. No er skulen i gang med å planlegge eit besøk i kyrkja.

– Vi har snakka om at vi skal prøve å få til ei førestelling i kyrkja, kanskje, der vi inviterer alle foreldra inn. Eg nemnde det for imamen på onsdag, og han sa at han gjerne blir med, fortel Rise.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter