Nyheter

Dette er verdas minst religiøse land

Både i verdas mest folkerike land og hjå ein av våre næraste naboar ser brorparten av befolkninga på seg sjølv som ikkje-religiøse.

Ein ny, internasjonal gallup viser kva land som ser på seg sjølve som minst religiøse. 63.898 personar i 65 ulike land har blitt stilt det same spørsmålet:

«Uavhengig av om du deltek på ein stad for religiøs tilbeding, vil du seie at du er ein religiøs person, ikkje ein religiøs person, eller ein overbevist ateist?»

Aust og vest

Kina ender på toppen av tabellen – heile 90 prosent av befolkninga ser på seg sjølve som ateistar eller ikkje-religiøse. Deretter kjem Sverige og Tsjekkia, der om lag tre fjerdedelar av befolkninga svarar det same.

Noreg er ikkje tatt med i den nye gallupen.

Dei mest religiøse

Gallupen viser også at det er stor skilnad mellom israelarar og palestinarar når det gjeld religion. Heile 65 prosent av israelarane ser på seg sjølve som ikkje-religiøse.

I dei palestinske områda – i Gaza og på Vestbreidda – svara derimot 75 prosent av dei spurde at dei er religiøse. Dei mest religiøse regionane i verda er nettopp Midtausten og Nord-Afrika. Her ser over 80 prosent av befolkninga på seg sjølve som religiøse.

Men det landet som slår alle i denne statistikken, er Thailand, med 94 prosent religiøse.

Yngre meir religiøse

Forskarane bak gallupen har òg sett på forholdet mellom kjønn, alder, utdanning og inntekt hjå dei som har svara på undersøkinga. Resultatet viser at dei under 34 år er meir religiøse enn dei som er eldre. Dette er, ifølgje Washington Post, eit interessant funn sett med amerikanske auge, sidan unge i USA i aukande grad ikkje identifiserar seg med religion.

Dei som ikkje har mykje utdanning, ser på seg sjølve som meir religiøse enn dei med nokre skuleår bak seg, viser gallupen. Forskarane konkluderer at inntekt spelar ei endå større rolle enn utdanning.

– Blant dei med middels eller høg inntekt er det færre enn 50 prosent som seier dei er religiøse, mot 70 prosent av dei som har låg inntekt, skriv Gallup International.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter