Klima

Biskop: Ja, eg støttar venstresida

I England skaper erkebiskopar debatt med ei ny bok.

Den 20. januar i år ga to britiske erkebiskopar – Justin Welby (Canterbury), som også er øvste leiaren i den anglikanske kyrkja, og John Sentamu (York) – ut ei bok med namnet On Rock or Sand? Firm foundations for Britains future. Boka tek opp tema som minsteløn, finanskrisa, solidaritet og velferdsstaten (sjå utdrag i faktaboks).

Den er eit bitande angrep på det britiske samfunnet, som erkebiskopane meiner har vore dominert av utbreidd forbruk og individualisme heilt sidan «jernkvinna» Margaret Thatcher styrte landet.

– Nokre lesarar vil nok spørje seg: Kvifor skal kyrkja blande seg i politikken? Men boka handlar ikkje om at kyrkja skal blande seg inn i partipolitikk. Politikk, slik eg forstår det, handlar om korleis folk tenker at samfunnet skal bli styrt, seier erkebiskopen av York, John Sentamu, i ein YouTube-video.

Inspirerte Jørgensen

Både Sentamu og Welby vart referert til i ein kronikk av biskop Tor B. Jørgensen i Vårt Land tidlegare denne veka, der han mellom anna tok til orde for at nordmenn må betale meir skatt for å hindre at velferdssamfunnet smuldrar opp.

Utspelet har skapt debatt om den politiske rolla til kyrkja her i Noreg, som også var tema under Debatten på NRK torsdag kveld. Der deltok mellom andre Høgre-politikar Tina Bru, som denne veka meldte seg ut av kyrkja i protest mot Jørgensens utspel. Både Bru og andre meiner Jørgensen gjer at Høgre- og Frp-veljarar ikkje kjenner seg heime i kyrkja.

– Venstreorientert

Noko av kritikken går på at Jørgensen og kyrkja har for klare, politiske meiningar om skatt og klima, meiningar som gjerne hamnar på venstresida.

– Eg er i utgangspunktet ikkje oppteken av kvar på den politiske aksen mi utfordring treff, sa Jørgensen til Vårt Land tidlegare i veka, då han blei spurd om hans oppfordring til auka skattenivå i Noreg.

Det er heller ikkje erkebiskop Sentamu i England. Men overfor avisa The Daily Telegraph er han klar på at hans synspunkt er på venstresida.

– Det ville vore synd om dei mektigaste og rikaste har det best i vårt land, medan andre fell frå. Derfor er inntektsforskjellar ein av dei største utfordringane våra, meiner han.

– Det høyrest kanskje ekstremt venstreorientert ut, men sanninga er at slik er teologien der eg kjem frå. Om Gud har skapt alle som unike individ, i sitt bilete, så har eg ingen rett til å ha meir når andre har ingenting, seier Sentamu, som meiner kyrkja pliktar til å gripe inn i samfunnsdebatten.

Kritiserer storbyen

I Storbritannia har engasjementet til erkebiskopane skapt debatt. Det gjeld spesielt utsegnene om at somme delar av landet har blitt forsømt i etterkant av finanskrisa.

– Heile landsbyar og regionar har blitt ekskludert og fanga i ein negativ, økonomisk spiral som tilsynelatande har ingen ende, seier Canterbury-biskop Justin Welby til avisa The Guardian.

Ifølgje han er det nesten berre London som nyt godt av tiltaka etter at finanskrisa slo ned i landet.

– Sanninga er at mange byar er i noko som kan sjå ut som ein tap-tap-situasjon. I dag er færre statlege ressursar tilgjengelege for å støtte økonomisk utvikling i desse regionane. I tillegg har banksystemet heilt sidan 1980-talet blitt meir og meir konsentrert rundt London, og er dermed ikkje i stand til å forstå lokale behov, hevdar erkebiskopen.

Får kritikk

Tidlegare visestatsminister for det konservative partiet (Tory), Lord Heseltine, hevdar derimot at det er erkebiskopane som er ute av stand til å forstå.

– Welbys skildring er ikkje riktig. Eg har brukt 30-40 år på å arbeide med lokale styresmakter. Og framstega i desse områda er tvert imot ekstraordinære, det erkjenner dei også sjølve, seier han til avisa Daily Mail.

Også Lord Tebbit, som var statsråd i Margaret Thatchers regjering, har uttalt seg kritisk.

– Kyrkja bør tenke på sine eigne problem, med kyrkjesamfunn som forsvinn og mangel på både pengar og prestar, før den byrjar å fortelje folk kva dei bør gjere, meiner han.

Dagens politikarar har vore langt mindre kritiske. Statsminister David Cameron sin talsperson prøvde å roe gemyttane. Han uttalte at kyrkja rettmessig hadde sett søkelys på «det at vi må gjere meir for å støtte familiar som treng det».

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima