Nyheter

Ber til Allah på kristen presteskule

Osloskulane tillet ikkje bønnerom. I same by har Roderigo Andres Martinez fått velsigning frå rektor til å bøye sine kne for Allah i kjelleren på Menighetsfakultetet.

– Studentane her er frå bibelbeltet, og i byringa såg dei litt rart på meg, ler Roderigo Andres Martinez (30).

I kjellaren på Det teologiske Menighetsfakultet (MF) kneler han på eit brunt teppe. Men desse bønnene blir ikkje bedne til Jesus, sjølv om vi er i den kristne høgborga MF, som har utdanna prestar og store kristne forkynnarar i over 100 år. Martinez mumlar stille sine bøner til Allah. På veggen heng ein lapp som viser retninga til Mekka.

Muslimen reiser seg og løftar hendene i bønn. Og kneler igjen. I alt tek det dryge fem minutt.

Nei til bønn. I førre veke sette Oslo-byråd Torger Ødegaard foten ned for at osloskulane kunne tilby stillerom for sine religiøse elvar. På MF blir dørene stilt på vidt gap for muslimske studentar. Den kristne utdanningsinstitusjonen har for tida mellom ti og femten muslimske studentar. No har dei fått rektor ved MF, Vidar L. Haanes, si velsigning til å tinge kvilerommet i kjellaren til å gjennomføre sine daglege bønner.

Muslimske Roderigo Andres Martinez tek bachelorutdanning i samfunnsfag ved MF. Medstudenten Bibi Aliya Mohammad (32) tek lektorutdanning i RLE.

– Kvifor er det viktig å få be på studieplassen?

– Vi har treningsrom for å trene kroppen, så kvifor kan vi ikkje ha bønnerom til å be og for å styrke identiteten i ein vanskeleg kvardag? Det er veldig fint å få trekke seg tilbake og møte Gud, seier Aliya Mohammad.

– Å be er mi plikt som muslim, og arbeid eller skule skal ikkje hindre det. Så lenge det ikkje skadar eller fornærmar nokon, så bør institusjonane leggje til rette for det, seier Martinez.

Studentane fortel at dei tidligare ofte gjekk heim for å be. Det førte til at studiedagen vart avslutta tidlegare enn ønska. Slik er det framleis for fleire av dei muslimske studentane som enno ikkje har fått vite at dei kan nytte rommet.

– Kvifor har de lagt til rette for muslimsk bønn på Menighetsfakultetet, rektor Vidar L. Haanes?

– Vi har fått fleire muslimske studentar dei siste åra. Dei har spurd om å få eit bønnerom, noko vi har sagt nei til. Vi vil ikkje innreie eit rom for desse studentane, men vi tilrettelegg for at dei kan ha sine bønnesamlingar på kvilerommet i kjellaren. Men samlingane skjer ikkje i MF sin regi.

Les mer i onsdagens papirutgave. Den kan du kjøpe i PDF her.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter