Nyheter

Vil ha norsk senter som gentestar spirande liv

Helsedirektoratet meiner vi bør slutte å sende par utanlands.

Helsedirektoratet tilrår at Noreg opprettar eit eige senter som kan teste spirande liv (befrukta egg som har delt seg) for å unngå barn med alvorleg arveleg sjukdom. Det skriv Klassekampen onsdag.

Den sokalla preimplantasjonsdiagnostikken (PGD) vert brukt for at par som har høg sjanse for å få barn med alvorleg arveleg sjukdom, kan få teste dei spirande liva. Embryo som i testen viser seg ikkje å ha arveanlegg for den aktuelle arvelege sjukdommen, vert sett i livmora i eit forsøk på å oppnå svangerskap.

I første omgang skal det føreslegne senteret følgje opp dei para som i dag vert sende utanlands for testing og påfølgjande prøverøyrsbehandling. Dessutan skal det byggjast opp norsk kompetanse på å gjennomføre behandlinga her i landet.

Senteret er tenkt oppretta ved eitt av dei sjukehusa som i dag tilbyr prøverøyrsbehandling og som også har ei avdeling for medisinsk genetikk. Dette er sjukehus som Ullevål, Rikshospiitalet eller Haukeland.

Vårt Land har tidlegare skrive at dei pasientane som får PGD-behandling utanlands, får lite oppfølging. Fleire fagfolk har etterlyst tettare oppfølging.

Para får dekt behandling i utlandet dersom ei eiga nemnd, Preimplantasjonsdiagnostikknemnda, seier ja etter søknad. Dette systemet er blitt bygt opp etter den harde Mehmet-striden i 2004. Sidan 2005 har 62 norske par reist til utlandet for å genteste embryo. Av desse har 49 reist til sjukehuset Karolinska i Stockholm. Totalt har 15 behandlingar ført til graviditet. Åtte barn skal vere fødde, to skal vere på veg, ifølgje dei oppdaterte tala Klassekampen har henta fram.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter