Nyheter

Spelte fotball ­
i krigspausen

1. juledag 1914 steig britiske og tyske soldatar opp frå skyttargravene og spelte vennskapskampar. ­Fotball lækjer krigssår, seier Idrettsforbundet.

Verdas underlegaste fotballkampar blei spela for 100 år sidan, på jorder i ingenmannsland, ved Vestfronten. På den eine sida: Britiske soldatar. På den andre: Tyske soldatar.

«Det var ei stor folkemengde mellom skyttargravene. Nokon laga ein liten gummiball, så var fotballkampen i gang», skreiv den britiske løytnanten Charles Brockbank i krigsdagboka, som blir vist fram på utstillinga The Greater Game på National Football ­Museum i Manchester.

Dagbøker og brev fortel om fotballkampar fleire stader ved Vestfronten den 25. desember 1914:

«Brått kom ein Tommy med ein fotball» skreiv den tyske løytnanten Johannes Niemann. Tyske soldatar kalla alle britiske soldatar for «Tommy», akkurat som britane kalla tyske soldatar for «Fritz»:

«Lag blei raskt etablert for ein kamp på den frosne gjørma, Fritziane slo Tommyane 3-2», noterte Niemann.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Monument på slagmarka

Rett før jula blei ringt inn, avduka Michel Platini, president i Det europeiske fotballforbundet (UEFA), eit monument til minne om julefredskampane for 100 år sidan:

– I dag er fotball eit universelt språk som opnar hjarta våre, som gjer det mogeleg å ha kontakt mellom kulturar og som fører folk saman på tvers av alle landegrenser og andre grenser, sa den tidlegare franske landslagspelaren Platini.

Monumentet er reist i Comines-Warneton, ein liten by i Belgia, som ligg ved skyttargravene som delte Europa i to frå 1914 til 1918. Rundt nabobyen Ypres blei det utkjempa ikkje mindre enn tre slag innan kvite flagg vaia over landskapa i Flandern.

Heim til jul

I 2014 var det 100 år sidan verdskrigen braut ut. I byrjinga av august invaderte Tyskland Belgia og marsjerte mot Paris då Frankrike klarte å slå offensiven tilbake, med hjelp frå Storbritannia. Snart hadde franske, britiske og tyske soldatar spadd seg ned i skyttargraver.

Hausten 1914 levde både generalane og soldatane i trua på at dei skulle vere heime til jul, krigen skulle jo ikkje vare lenge. Men krigen tok ikkje slutt innan det blei jul i London, Paris og Berlin.

I skyttargravene langs Vestfronten var det mange fotballspelarar. I trua på den raske krigen melde heile lag seg til teneste. Difor fekk ein det som blei kalla fotball­bataljonar under verdskrigen;­ unge menn som hadde bytta ut trøye og kortbukse med ein annen uniform, og ball med gevær. Kampane handla om liv og død.

Kjensle av normalitet

Så kom jula 1914.

25. desember steig tyske og britiske soldatar opp av skyttargravene, la ned geværa og helsa kvarandre god jul. Brev, dagbøker og avisartiklar fortel at dei som opplevde våpenkvila fekk ei kjensle av normalitet. Nokre stader ved Vestfronten varte julefreden og den sportslege kontakten inn i det nye året.

– Dette viser kva rolla idretten kan spele i samfunnet, meiner internasjonal rådgjevar Fredrik Ødegaard i Norges Idrettsforbund (NIF).

Han peikar på at sjølv om romjulskampane ikkje markerte slutten på ein krig som kosta over 20 millionar liv, så var kampane ein av dei første kjende hendingane der stridande soldatar la ned våpena for heller å drive idrett saman.

Berre ei våpenkvile

Ødegaard fortel at i ettertid har særleg fotball blitt brukt til freds- og forsoningsarbeid i fleire land. Han dreg fram to døme:

Etter borgarkrigen i Sierra Leone på 2000-talet, blei fotball brukt til å reintegrere barnesoldatar i samfunnet. På Balkan har Norges fotballforbund brukt fotball for å skape forsoning mellom folke­grupper som stod mot kvarandre; som drap kvarandre.

Julevåpenkvila i 1914 blei den første og siste under første verdskrig. 25. desember 1915 hadde soldatane spadd seg endå lengre ned langs Vestfronten. Nokre få stader prøvde ein å få til ei ny julevåpenkvile, men forsøka rann ut i sanden. Trua på at krigen skulle bli kortvarig, var borte.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter