Nyheter

Sender åtvarar media mot nazi-samanlikning

Jødisk leiar ber media skape holdningar, ikkje spreie nazi-klagemål.

Anne Sender, formann og forstandar i Det Mosaiske Trossamfunn i Oslo, seier at norske media på svært ulik måte omtalte saka om den UD-tilsette som spreidde påstanden om at Israels behandling av palestinarane er å likne med nazistane si behandling av jødar under krigen.

LES OGSÅ: Langt over streken

Ho rosar Dagbladet som raskt spreidde det Sender meiner er ei skikkeleg holdning mellom anna gjennom eit intervju med Einhart Lorenz fekk vist at det er to ting som ikkje kan samanliknast. Ho såg i dag andre døme på media som i si første melding i staden gjorde sitt til å å gjere det Sende rmeiner var å spreie skuldinga om at Israel gjer som nazistane.

Det er mange døme på at denne førestellinga vert spreidd. Eg vil be media vere seg svært bevisst på ikkje å gjere sitt til at dette skjer, seier Sender til Vårt Land.

LES OGSÅ: UD vil rydde opp etter e-post

Utanriksdepartementet har stempla den UD-tilsette sin epost med biletsamanstilling frå Gaza og Nazi-Tyskland som heilt uakseptabel.

Støre opna? Utanriksminister Jonas Gahr Støre skreiv for sin del i den ferske boka si om assosiasjonar han fekk av israelarane si behandling av palestinarane i Hebron. Slik skreiv Støre: «Skoddene som er slått for og boltet igjen er merket med det israelske politiets tegnspråk. De er merket, slik andre forretninger har vært merket andre steder til andre tider.»

Støre vart tolka som at han fekk assosiasjonar frå nazistane si behandling av jødane då han såg Israels behandling av palestinarane i Hebron.

Opna Støre døra på gløtt slik at den UD-tilsette kunne gå tvers gjennom døra, Sender?

Nei, eg tolkar ikkje Støre slik. Dette er å dra han altfor langt, svarar Sender.

LES OGSÅ: UD-ansatt sammenligner Israel med nazistene

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter