Nyheter

Nordmenn på begge sider av Vestfronten

Norge deltok ikkje i første verdskrig. Men rundt 15.000 norsk soldatar kjempa i krigen, nesten 2.000 ofra livet. I slaget ved Somme stod nordmenn mot kvarandre.

YPRES, BELGIA (Vårt Land): Fanfaren lyder ut av krigsmonumentet Menin Gate i Ypres. Kveldsmørket har senka seg over den krigsmerka belgiske byen. Presis klokka 20 hevar konstablane frå det frivillige brannkorpset horna og spelar fanfaren The Last Post.

Så er det stille i eitt minutt. I Menin Gate er namna til 54.896 soldatar frå det britiske imperiet hogd inn i marmorplater. Alle døydde i dei tre slaga rundt Ypres under første verdskrig. ­Ingen av dei har ei kjent grav.

To av soldatane som fanfaren er blitt spela for kvar kveld sidan 11. november 1929, er norske. Ole Gjems døydde i britisk uniform, Reidar Grønvold i australsk. Gjems frå Kongsvinger var student i Storbritannia, og då han ønskte å bli offiser i hæren, måtte han bli britisk borgar. Grønvold frå Oslo kom med båt til Australia, og då sjømannen gjekk i land for å søkje jobb, valde han å bli australsk borgar.

Arkivtråling

Begge blei drepne på Vestfronten i 1917, kjem det fram i De ukjente krigerne, boka som fortel den ukjende krigssoga om dei mange nordmennene som var soldatar i krigen Norge ikkje deltok i.

Tre historikarar, Nik Brandal, Eirik Brazier og Ola Teige, har skrive boka om utvandrarane, sjømennene og studentane som ikkje kjempa med norsk flagg på uniformane.

– I Norge er det andre verdskrig som er krigen med stor K. Første verdskrig har det alltid vore lite merksemd om, seier Eirik Brazier.

– Takka vere brev, avisartiklar og militære mapper kan vi følgje mange frå deira nye heimland til fronten i Frankrike.

Etter tråling av arkiv i USA, Australia, Canada, Storbritannia – og Norge har trioen rekna seg fram til at rundt 15.000 nordmenn kjempa på ulike front­avsnitt i den første verdskrigen.

– Den største gruppa, rundt 10.000, var norske immigrantar frå USA. Resten fordeler seg på styrkar frå Storbritannia, Frankrike, Canada, Australia –og Tyskland, fortel Brazier.

Ei lita gruppe valde å kle på seg tyske uniformar og kjempe i hæren til keisar Vilhelm II. Forfattarane trur det var snakk om mellom 50 og 100 nordmenn. I slaget ved Somme i 1916, det blodigaste av dei alle, stod ein nordmann i tysk uniform mot ein i australsk. Begge overlevde både slaget og krigen.

Naud og plikt

Då USA gjekk med i krigen i 1917 hadde landet verneplikt. Difor blei mange utvandrarar og utvandrarsøner soldatar i USAs hær.

– I Canada og Australia skapte krigen økonomiske nedgangstider, og immigrantane var dei første som mista jobben. Nordmennene som blei soldatar verva seg ofte av naud og av plikt, dei ville vise at dei var lojale mot sine nye heimland, forklarar Brazier. Rundt 2.500 nordmenn trekte i canadisk uniform og vel 300 i australsk.

«Vi bruger kjoler til knærne», skreiv Oscar Lund i eit brev han sende mora på Røros. Han opplevde kilten som upraktisk ved Vestfronten, men som soldat i den kanadiske hæren hadde han ikkje noko val, han var innrullert i ein immigrantstyrk. I The Canadian-Scottish var feltantrekket kilt. Lund, som hadde utvandra til Canada, såg korkje det nye eller det gamle heimlandet att. 22-åringen døydde få månadar etter at han kom til Vestfronten i 1915.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Norsk tragedie

De ukjente krigerne er boka om det norske møtet med verdskrigen. Brandal, Brazier og Teige seier første verdskrig var ein katastrofe også for Norge og nordmenn, sjølv om den unge nasjonen valde å vere nøytral.

Langs Vestfronten frå Ypres i Belgia i vest til Verdun i Frankrike i aust ligg gravlundane og monumenta tett. Hundretusental soldatar fall i den fire år lange skyttargravskrigen. I fleire av gravene kviler det nordmenn. Andre har fått namnet hogd inn i minnemonument, slik som i Menin gate – eller i Thiepval, som heidrar dei som døydde i slaget ved Somme. 73.367 soldatar manglar kjent grav.

Kvar haust blir det lagt blomar på monumenta. 11. november er den offisielle minnedagen.

– Representantar frå den norske staten er ikkje til stades, trass i at verdskrigen også var ein norsk tragedie, seier forfattarane.

Grav i Norge

Norge valde nøytraliteten då skota i Sarajevo sende verda ut i krig. Men, seier historikarane, krigen trekte likevel Norge inn, for mange dødstelegram blei sendt til adresser i Norge, og utanrikstenesta blei kopla inn for å finne sakna.

Sjølv om mange av dei som døydde ved fronten hadde utvandra, fekk dei likevel ei grav i Norge. Slik som Lorentz Bakke­ frå Kalvåg i Sogn og Fjordane. I 1922 kom kista heim, saman med eit amerikansk flagg. Unge Bakke døydde ved slaget i Champagne i oktober 1918, i amerikansk uniform. Foreldra takka ja til å få utvandraren heim til vigsla norsk jord.

Det var ikkje berre norske soldatar som opplevde krigens brutalitet. Rundt 100 norske kvinner deltok i krigen som sjukepleiarar, nokre i australske avdelingar, flest i amerikanske.

Endra verda

«Vi reiste så fulle av håp – i dag har vi fortsatt dette håpet, men våre illusjoner er borte. Krigen er grusom og nådeløs når den berører deg personlig», skreiv Hilda Samsing, norsk sjukepleiar i den australske hæren.

Første verdskrig blir omtala som «la Grande Guerre» i Frankrike og «The Great War» i Storbritannia – Den store krigen. Eirik Brazier meiner mange av nordmennene ikkje opplevde at dei var med i Den store krigen.

– Men vi ser av fleire brev at nordmenn utover i verdskrigen forstår at dei er deltakarar i ein epokegjerande krig; ein krig som endra verda.

Heidrar nordmenn

I Ypres senkar Antoon Verschoot hornet. I 60 år har belgiaren møtt opp ved Menin Gate for å spele The Last Post klokka 20.00 seks ­dagar i veka. 89-åringen har ei livsoppgåve. Han heidrar dei falne. Mellom dei to nordmenn.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter