Nyheter

Nordmenn brukar mindre - sparar meir

Julefesten blei barbert. Forbruket vil gå ned neste år. Nordmenn sparar pengar til dårlegare tider.

Før folk tok jul, kom det ei lang rekkje økonomiske vervarsel. Korttidsvarsla sa at julehandelen i 2013 ville bremse opp, for andre år på rad. Og varsla slo til. Omsetjinga i varehandelen var i veke 50 berre 0,7 prosent høgare enn i same veke i fjor.

– Hushaldningane er blitt meir forsiktige, og auka utryggleik om utviklinga framover har gjort at dei sparer meir enn tidlegare, seier direktør Thomas Angell i Virke. Bransjeorganisasjonen for handelsnæringa rekna ut at nordmenn brukte rundt 15 milliardar kroner i butikkane i veke 50.

Ekstremt rike. Etter år med vekst, ber dei økonomiske langtidsvarsla for 2014 bod om tydelege endringar. Næringslivets Hovedorganisasjons (NHO) og Norges Banks økonomiske barometer fortel same bodskap:

Nordmenn brukar mindre, og sparer meir.

I organisasjonen Fremtiden i våre hender (Fivh) jublar dagleg leiar Arild Hermstad for tendensen.

– Omsider ser det ut til at nordmenn har oppdaga at vi er ekstremt mykje rikare enn alle andre, og at skal vi løyse miljøproblema, så må vi forbruke mindre.

Dette seier NHO:

• Hushaldningane kjøper mindre, særleg kapitalvarer som bilar, møblar og kvitevarer.

• Nordmenn er redde at utgiftene til bustad stig som følgje av rentehevingar.

• Hushaldningane puttar stadig meir pengar i banken for å ha til seinare.

• Sparepengane er ein buffer i tilfelle lønningane går ned eller at ein mistar jobben.

Høgare rente. Fordi forbruket til norske hushaldningar står for rundt halvparten av etterspurnaden etter varer og tenester, slår auka sparevilje hardt inn, seier NHO-sjef Kristin Skogens Lunds analytikarar:

– Avtakande vekst i forbruket til hushaldningane fører også til avtakande økonomisk vekst, seier NHO i rapporten Økonomisk overblikk 3/2013 - Utsikter for 2013-2014.

Det som skaper størst økonomisk frykt blant kvarmann, er utsiktene til høgare renter på bustadlåna. For å kunne klare å betene lån og klare eit høgare rentenivå har hushaldningane difor auka sparinga kraftig, fortel NHO.

Det andre langtidsvarselet kjem frå Norges Bank, som seier dette om 2014:

• Veksten i privat forbruker er låg.

• Hushaldningane sparer historisk mykje.

• Lønnsveksten framover blir svekka.

Sentralbanksjef Øystein Olsens analytikarar trur veksten i privat forbruk blir låg komande år. Men aukar den disponible inntekta, aukar også forbruket, seier sentralbanken.

Lyttar ikkje. – Når nordmenn viser vilje til å forbruke mindre viser det at folk sluttar å lytte til næringslivet, reklamen og politikarane som seier at skal vi ha vekst, må forbruket opp, meiner Fivh-sjef Hermstad.

Under finanskrisa i 2008 gjekk dåverande finansminister og SV-leiar Kristin Halvorsen ut og ba nordmenn om å forbruke meir for å halde hjula i gong. Shop så det svir, lydde oppmuntringa.

– Utviklingstrekka vi no ser fortel at folk går lei den hovudlause handlinga. Folk ser at dei har nok, meiner Hermstad. Han legg til at Fivh ser det same som NHO og Norges Bank; nordmenn brukar mindre for å spare meir for å ha ein buffer mot økonomisk utrygge tider.

Ei kartlegging gjort av Norstat for Storebrand viser at 1 av 5 nordmenn sparar dei ekstra kronene dei får utbetalt på desemberlønna.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter