Nyheter

Mann ønskjer juridisk abort

Han blei far mot sin vilje. Difor vil han ha retten til juridisk abort. Umogleg krav, seier advokat.

– Sex er ikkje berre «fart og moro» utan ansvar eller konsekvensar, som kjent kan kvinner bli gravide. Det er barnets interesser som må vere avgjerande. Difor er jussen enkel på dette feltet. Menn må ta konsekvensane, ikkje springe frå dei, seier advokat Kjell Dahl. Han jobbar som frivillig i Reforms juridiske rådgjevingsteneste. Reform er eit statsstøtta, nasjonalt ressurssenter for norske menn.

Kvinner har rett til sjølvbestemt abort. Difor bør menn ha rett til juridisk abort. Kravet kjem frå ein dansk mann som sidan 2008 har kjempa for å ikkje bli far til ei jente.

Kva meiner du? Bli med i ordskiftet på verdidebatt.no.

Avviser krav. Juridisk abort inneber at menn som blir fedre mot sin vilje, skal ha rett til å fråseie seg det juridiske ansvaret for barna, noko som inneber at dei ikkje skal betale farsbidrag, og ikkje ha samværsrett med barna.

Den danske mannen ønskjer at domstolen – i likestillingas namn – skal gje han rett til å få juridisk abort. Men til no har han ikkje fått gjennomslag for kravet nokon stad. Både danske likestillingsstyresmakter og domstolar seier nei.

– Sjølvsagt har eg vondt av jenta. Eg tykkjer det er for gale, djupt uetisk og egoistisk av ei kvinne å få eit barn med ein mann som ho veit ikkje er interessert i å få barn med henne, seier mannen til Berlingske Tidende. Avisa har også vore i kontakt med mannen eks-kjærast, men ho ønskjer ikkje å kommentere saka. Av omsyn til barnet er alle partar anonymiserte.

Bar fram barnet. Mannens framstilling er denne: Kvinna han blei kjærast med sa at ho ikkje kunne bli gravid av medisinske årsaker. Likevel brukte dei prevensjon. Men rundt eit halvt år etter at dei blei eit par, gjekk dei til sengs utan kondom.

Berlingske Tidene melder at i ein rettsprotokoll frå Østre Landsret i København opplyser kvinna at dei blei samde om å «dyrke sex uden beskyttelse».

Konsekvensen viste seg etter kort tid. Kvinna blei gravid. Ho ville behalde barnet. Han ville at ho skulle ta abort. Han ville ikkje bli far. Han ville ikkje ta det juridiske og økonomiske ansvaret som følgde. Han kravde juridisk abort. Kvinna avviste alle krav og fødde ei dotter.

Lurt av kvinner. I Reform kjenner dei ikkje til at norske menn har fremma krav om juridisk abort, men seniorrådgjevar Ole Bredesen Nordfjell opplyser at dei frå tid til anna blir kontakta av menn som meiner dei «er blitt lurte av kvinner til å bli fedre ved at partnaren medvite droppar prevensjon utan å sei ifrå, for å få barn».

– Dei førespurnadane vi har fått har vore få og ulike. I etterkant har nokre ønskt ein relasjon til barnet, medan andre ikkje har det.

Bredesen Nordfjell seier omgrepet «juridisk abort» er nytt for Reform, og er difor ikkje diskutert.

– I ein diskusjon om omgrepet hjå oss vil omsynet til barnet vege tungt. Barnelov skal ikkje vere til for korkje mor eller for far, men verne om barnet og gje det best moglege rammer. Å verne om barns behov er ei viktig mannssak.

Må betale bidrag. Advokat Dahl i Reforms juridiske rådgjevingsteneste har eit tydeleg råd:

– Menn som ikkje ønskjer å bli fedre har berre ein ting å gjere, dei må bruke prevensjon.

Han meiner det blir heilt feil å vise til kvinners rett til sjølvbestemt abort når menn ønskjer å få rett til juridisk abort.

– Ein slik rett vil ingen norsk domstol innvilge ein mann i dag.

I Danmark prøver mannen no å få saka opp for Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Medan han ventar, trekkjer staten – med tvang – farsbidrag frå lønna hans. Han har avvist alle invitasjonar om samvær med jenta.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter