Nyheter

Lærar som hetsa Israel-bok har slutta

Israels ambassadør ba kunnskapsministeren ta saka alvorleg.

Vårt Land fortalde i går at Israels ambassadør til Norge fann det naudsynt å skrive brev til statsråd Torbjørn Røe Isaksen for å få vite meir om ei sak som involverer ein lærar i Oslo-skulen – og for å forsikre seg om at kunnskapsministeren vil slå ned på hatprat i klasseromma.

– Eg er sikker på at du vil ta denne saka alvorleg, skriv Raphael Schutz.

I Kunnskapsdepartementet arbeider dei med svarbrevet til Røe Isaksen. I Utdanningsetaten, som driftar grunnskulane og dei vidaregåande skulane i Oslo kommune, ser ein slik på saka:

– Alle tilsette i Osloskolen har ytringsfridom på lik line med andre norske borgarar, seier fungerande kommunikasjonsdirektør Hild Lamvik. Men ho legg til:

– Samstundes må lærarar i Osloskolen opptre i samsvar med rammene som følgjer av lov og regelverk, opplæringslova med forskrifter.

Klappar hender

Saka som opptek ambassadør Schutz, er denne:

Ein lærar har publisert eit bilete på sosiale medier av boka La Israel tale av journalist John Solsvik der ho ligg i ei søppelkasse

I teksten som følgjer bilete skal læraren ha skrive dette, opplyser Schutz – han brukar engelsk i brevet, Vårt Land brukar ordlyden som er publisert på sosiale medier:

– Underviste elevene mine om Midtøst konflikten idag der ledelsen ba oss om å bruke denne boken som et eksempel. I det jeg delte den ut ble resultatet slik. Selv barn har fortsatt at disse er de ekte terroristene.

Etter siste setning er det eit grafisk symbol av to hender som klappar.

LES MEIR: Israel ber statsråd stoppe hatprat

Ikkje hyrt inn

– Kva følgjer får dette for læraren, Lamvik?

– Vedkommande som er omtalt i denne saka har etter vår sjekk ikkje vore tilsett som lærar i Oslo-skulen, men har vore skuleassistent på timebasis. Vedkommande har ikkje vore engasjert i Oslo-skulen det siste skuleåret.

– Heng det saman med denne saka?

– Det har vi ingen kjennskap til.

– Kva meiner Utdanningsetaten om at eit anna lands ambassadør tek opp slike saker?

– Utdanningsetaten har ingen kommentar til at ein ambassadør skriv brev, seier Lamvik.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Rosar ambassadøren

KrF arbeider hardt for at det skal lagast ein nasjonal handlingsplan mot antisemittisme. Partiets skulepolitiske talsmann, Anders Tyvand, kjenner ikkje saka ambassadør Raphael Schutz har skrive brev om, ei heller boka som er omtala. Men han helsar engasjementet til Israels ambassadør velkommen.

– Det er flott at ambassadørar engasjerer seg i kampen mot antisemittisme.

På generelt grunnlag seier stortingsrepresentant Tyvand at det også er viktig at lærarar er aktive i kampen mot antisemittisme:

– Dei må bidra til respekt mellom menneske.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter