Nyheter

Apple får sensurkritikk

Forfattar Eirik Newth er forbløffa over at norske redaktørar ikkje reagerer på at Apple opptrer som «overredaktør» av tenestene deira.

For nokre dagar sidan vart det meldt at ein norsk teikneserie var utestengt frå Apples mobile plattform App Store, ein nettbutikk ein får tilgang til frå iPhone eller iPad. Teknologibloggar og forfattar Eirik Newth meiner innhaldskontrollen til selskapet også er eit problem for norsk media som leverer innhald til App Store.

– Alle som utviklar innhald for Apples App Store må underteikne ei kontrakt som gir Apple rett til å fjerne alt innhald som dei finn uakseptabelt. Apple har påtatt seg ei overredaktør-rolle. Dette gjeld alle som utviklar innhald for App Store. Eg er forbløffa over at norske redaktørar teier stilt om dette, seier Newth.

– Vilkårleg. Tidlegare har Apple stoppa karikaturteikningar, porno og anna innhald som dei meiner er uakseptabelt. Den tyske avisa Stern måtte sladde bilete etter at teknologi-giganten mislikte dei lettkledde damene på side tre i avisa. Aftenposten, VG, Stavanger Aftenblad og NRK er blant dei norske media som leverer til App Store.

– Kva meiner du er problematisk med innhaldskontrollen til Apple?

– At den er totalt vilkårleg, ein kan ikkje vite på førehand kva Apple vil stoppe. Mykje slepp gjennom, men Apple kan når som helst sette ned foten og stenge media og andre innhaldsprodusentar ute frå App Store permanent. Eg forstår ikkje korleis redaktørane kan leve med det når det gjeld redaksjonell fridom, seier Newth.

– Kor avhengige er forlag, media og andre innhaldsleverandørar av Apples App Store?

– Økonomisk, minimalt. Men det er snakk om symbolverdien: Dette er tross alt det leiande selskapet når det gjeld utvikling og trendsetting. Då boka Ulysses (av James Joyce, journ. merk.) kom ut i 1921, vart den stoppa i USA. For ikkje lenge sidan vart ein teikneserieversjon av denne boka stengt ute frå App Store. Vi har gått desse rundane, må vi verkeleg gå dei ein gong til? Kanskje norske kulturarbeidarar i 2010 må gå ut og sloss for pornoen, slik som Bjørneboe gjorde i si tid, seier Newth.

Redaktøransvar. – Eg synest han overdriv veldig, seier Hilde Haugsgjerd, sjefredaktør i Aftenposten, då ho blir konfrontert med påstandane.

– Redaktøransvaret vårt gjeld fullt ut på nettet også, seier ho.

– Den tyske avisa Stern måtte sladde bilete av lettkledde damer fordi Apple fant det uakseptabelt. Korleis ville Aftenposten reagert på den type innhaldssensur frå Apple?

– Det er ikkje mogleg å svare generelt på det spørsmålet, den type vurderingar må vi ta konkret. Viss vi er ueinige i det som dei vil ha vekk, er det ikkje greitt, viss vi er einige er det greitt. Einkvar som opererer på den norske marknaden må halde seg til det norske lovverket, det gjeld kommersielle aktørar og redaksjonelle aktørar, seier Haugsgjerd.

Frivillig. – Eg kjenner ikkje alle detaljar i slike kontraktar, men går ut frå at redaktørane ikkje ville akseptert ei kontrakt om for eksempel Narvesen skulle nekte å distribuere noko innhald, som skulle bli gitt ut i Noreg. Det er vanskeleg å forstå at ein vil inngå slike kontraktar, seier generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Nils E. Øy.

- Kvifor har ikkje Norsk Redaktørforening kommentert dette før?

– Fordi vi ikkje har fått noko spørsmål om det.

– Er det ansvarleg av norske redaktørar å inngå ei slik kontrakt?

– Det er ei frivillig sak å inngå ei slik kontrakt, eg kan ikkje kalle det uansvarleg, men ein må sjå på om det er tilrådelig, seier Øy.

- Det kan vere at det ikkje er Apple som tar på seg rolla som overredaktør, men at dei har pålegg i amerikansk lov som dei er bundne til. Norske redaktørar må også halde seg til norske lover. Redaktørar seier av og til nei til å publisere saker, det betyr ikkje at det er uansvarleg eller at det er eit brot på ytringsfridomen. Det er nok ein del ting som må sjåast nærmare på i begge retningar før ein kritiserer sånne ordningar, meiner Øy.

Apples pressekontakt i Noreg opplyser at Apple ikkje ynskjer å kommentere saka.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter