Kultur

– Å dikte er som å miste balansen og finne han på same tid

I dag er det verdas poesidag. Vi møtte poetane Ann Jäderlund og Kjersti Bronken Senderud til ein samtale om sjel og flaskepost.

Svenske Ann Jäderlund blir gjerne trekt fram som ein av dei viktigaste samtidspoetane i Norden. Nyleg var ho i Oslo for å delta på lanseringa av Kjersti Bronken Senderuds nye diktsamling Fall- og lytteøvelser. Jäderlund har sjølv omsett fleire av Bronken Senderuds dikt til svensk.

– Eg likar måten hennar å nærme seg verkelegheita på, seier Jäderlund om sin norske diktarkollega.

Dei to poetane møttest under Rolf Jacobsen-dagane på Hamar i fjor. Bronken Senderud hadde som oppdrag å presentere to nordiske poetar, og kunne velje heilt fritt på øvste hylle. Ho valde norske Yngve Pedersen og svenske Ann Jäderlund.

– Eg har lese Ann Jäderlund sidan byrjinga av 1990-talet. Ho er ein av dei mest sentrale samtidspoetane i Norden, med ei heilt særprega orientering i skrift og tenking, seier Bronken Senderud.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Bibelspråk

Den førre diktsamlinga til Jäderlund heiter Vad hjälper det en människa om hon häller rent vatten över sig i alla sina dagar. Tittelen kan minne om spørsmålet Jesus stiller i evangelia i Bibelen: «Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel?»

– I fleire av dikta mine finst det bibelske passasjar og assosiasjonar. Sitatet du nemner er uttrykk for ein altruisme som kanskje er meir aktuell i dag enn nokon gong. Meir og meir går energien til menneska ut på å vinne merksemd og subjektiv glans. Det er meiningslaust, seier Jäderlund.

– Er dette også ei freisting for ein forfattar?

– Kanskje det. Det er ikkje ei freisting for meg, for eg har alltid syntest at det har vore ubehageleg å bli intervjua og få merksemd. Det er framleis pussig å sjå seg sjølv på trykk i ei avis.

– Kva tenker du, Kjersti Bronken Senderud?

– Det er ein stor kontrast mellom det indre arbeidet ein gjer når ein skriv dikta, og det å faktisk skulle snakke om dei og drive utoverretta arbeid. Det ligg eit gap der, sjølv om ein poet ønskjer at det ho jobbar med, skal nå fram til nokon også. Eg har ei ambivalent kjensle kring dette.

Poetisk flaskepost

– Handlar ikkje den nyaste diktsamlinga di, Ann Jäderlund, blant anna om det å utforske grensene mellom eg-et og verda?

– Jo, ho gjer kanskje det. Eg kjenner at mindre og mindre tid i samfunnet går med til å diskutere det vi faktisk gjer, framfor korleis vi ser ut og kva slags status vi har. Men når vi skriv, så slenger vi jo ut noko til omverda som vi vil at andre skal ta til seg – uavhengig av korleis ein ser ut eller kor kjent ein er, seier den svenske poeten.

Bronken Senderud refererer til Paul Celans metafor om diktet som ein flaskepost vi slenger ut til verda.

– Ideelt sett skulle eg ønskt at dikta mine drog som små flaskepostar ut i verda, seier ho.

– Samtidig er det viktig at poesien er knytt til deg som person, skyt Jäderlund inn.

Diktet, er dei to poetane einige om, er eit svært komplekst avtrykk frå livet til eitt menneske. Bronken Senderud sluttar aldri å undre seg over dei ulike og genuine uttrykka som kjem frå kvar enkelt poet, anten det er i Noreg eller andre stader.

– Det fine med ein flaskepost er jo at han kan leve åleine der ute ganske lenge før nokon plukkar han opp og les han. Det kan kanskje vere ein parallell til poesien?

– Ja. Ei diktsamling blir dessutan ofte lesen om att fleire gonger enn ein roman. Det er sjeldan at ein les ein roman mange gonger, mens ei diktsamling og enkeltdikt kan følgje deg eit heilt liv! Slik sett har diktsamlingar mange fleire lesingar enn kjøpstala tilseier.

Balansekunst

– Om vi vender attende til grensetilstandar: Er ikkje det eit tema også i den nye diktsamlinga di, Kjersti Bronken Senderud?

– På ein måte har eg jobba med den tematikken i alle bøkene mine, men det er moglegvis litt meir akutt i Fall- og lytteøvelser. Utgangspunktet for at eg byrja å skrive, var ei eksistensiell oppleving av å falle ut av verda, å miste festet fullstendig. I starten skreiv eg i ein slik tilstand. Så har eg fødd ulike tankar, refleksjonar og tilstandar undervegs. Poesien er for meg ein stad der eg går inn og gjer noko eg ikkje kjenner til på førehand. Å dikte er som å miste balansen og finne han på same tid, seier Bronken Senderud.

Ho har ofte ei oppleving av at menneskesinnet strekker seg framfor henne og ryddar rom for diktet, på ein måten som gir samanfall mellom dikt og verkelegheit.

– Men det er sikkert nokså ukorrekt å seie det. Det ligg noko overskridande i diktinga, seier poeten som i diktsamlinga Forgjengeligheten for nokre år sidan var inspirert av buddhisme og ulike typar heilage rom.

Mediterer

Buddhismen er framleis ein inspirasjonsfaktor for Bronken Senderud, og ho mediterer regelmessig.

– Eg hentar mykje næring frå buddhistiske tekstar. Og meditasjonen gir meg ro og feste, fortel diktaren.

I Fall- og lytteøvelser er det ein slags «himmel» over dikta, ikkje berre på grunn av alle fuglane som opptrer der. Ann Jäderlund på si side kan skrive ei verselinje som «Varför er vi inte i Paradiset?» og undre seg over kvifor mennesket er så opptatt av vold og vondskap. Himmelen har ikkje den svenske poeten nokre spesielle førestellingar om, sjølv om ho heller ikkje kan tenke seg at det ikkje skulle finnast noko meir enn vi har i vår fysiske verd. Og ho mediterer gjerne, til liks med sin norske kollega, men ikkje til noko fastsett tid.

– Det er noko eg koplar meg på når eg treng det, seier Jäderlund.

Somme av dikta i Vad hjälper det en människa om hon häller rent vatten över sig i alla sina dagar er inspirert av dei hinduistiske Upanishadane.

– Ifølgje Upanishadane finst det eit område utanfor hjartet der sjela kan sleppe inn i mennesket. Det er utruleg når tekstane til andre religionar kan formulere slike ting ein sjølv går og kjenner på, seier Jäderlund.

Den svenske poeten diktar gjerne i kursiv. Til Vårt Land røper ho at kursiv gir henne ei særeiga kjensle av vern. Elles kjenner ho ein viss motstand mot eksperimentering med form, som mykje av den nye svenske poesien nyttar seg av. Jäderlund fantaserer om ein poesi utan grafiske freistingar, ein slags «rein tekst».

Opphøgd svensk poesi

Den svenske poesien er meir opphøgd og tankebasert enn den norske poesien, som har meir kjensler i seg, meiner Ann Jäderlund. Ifølgje henne har det også – sjølv om ho tek atterhald ved å kalle det ei generalisering – blitt eit tabu å skrive dikt med sterkt diktar-eg.

– Det kan ha med språkeksperimenteringa å gjere. Om ein blir for eksperimentell, kan eg-et forsvinne, åtvarar Jäderlund.

Kjersti Bronken Senderud meiner på si side at den svenske poesien kanskje er meir uttalt politisk enn den norske. Mens begge poetane meiner at skilnadene ikkje har så mykje med nasjonar å gjere, men med ulike toneangivande grupper av poetar og kva dei ønskjer å gjere.

– Kva skal poesien gjere?

– Poesien skal redde verda, smilar Ann Jäderlund.

– Eller nei. Dersom ein kan komme bort frå det falske og vere tettast mogleg på seg sjølv, er det fint.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur