Kultur

Verdsstjernene kjem ikkje berre til Oslo

Var det arrogant av Den Norske Opera & Ballett å avvise Bolsjojballetten?

KOMMENTAR: Det er i Tromsø det skjer denne helga. For første gong på 53 år vitjar den verdskjente Bolsjoj-balletten Noreg. Det er Nordlysfestivalen som kan gle seg over dei prominente gjestane. Den Norske Opera & Ballett takka nei til besøk i Oslo.

Festivalsjefen for Nordlysfestivalen, Ulf Jensen, meiner avslaget i Oslo er uttrykk for kunstfagleg arroganse. Han meiner at leiinga for Den Norske Opera & Ballett har ei «manglande genuin interesse for det som skjer i aust».

Ballettsjef Ingrid Lorentzen er ikkje begeistra for kritikken. Ho avviser at Den Norske Opera & Ballett ser på Bolsjojballetten i Moskva og Mariinskijballetten i St. Peterburg som bakevjer. «jeg elsker og har enorm respekt for det russiske,» seier ho til NTB. Derimot valde ho i sitt første år som ballettsjef å prioritere den norske Nasjonalballetten i staden for å svi av to millionar kroner på eit gjestespel frå Russland.

Legendarisk. Bolsjojballetten er legendarisk på så mange måtar. Først og fremst på grunn av det kunstfaglege. Balletten vart stifta i 1776, det same året som den amerikanske kongressen vedtok uavhengigheitserklæringa. Historia er full av kunstnariske suksessar. Det seinaste året har rett nok Bolsjojbaletten fått merksemd for noko heilt anna, nemleg det utrulege syreangrepet på den kunstnariske leiaren Sergej Filin. Bak angrepet stod ein av stjernedansarane ved balletten, som var blitt eitrande sint fordi kjærasten ikkje fekk den leiande rolla han meinte ho fortente.

Ikkje Oslo. Denne helga dansar altså ei gruppe frå Bolsjojballetten i Tromsø, under leiing av Filin, som sidan syreangrepet har vore igjennom 22 augeoperasjonar. Folk i Oslo får derimot ikkje høve til å sjå det russiske ballettensemblet, men mindre dei har skaffa seg flybillett nordover.

Var det arrogant av Den Norske Opera & Ballett å takke nei til Bolsjoj-besøk? Eg synest ikkje det er grunnlag for å hevde det. Men synd er det.

Saka viser dessutan at det ikkje lenger er sikkert at dei største stjernene er å finne i Oslo når dei kjem på noregsbesøk. Dei seinare åra har vi sett fleire døme på at store internasjonale namn dukkar opp på festivalar i det som hovudstaden reknar som utkant. Forfattaren André Brink kan såleis like gjerne dra til Lofoten, mens artisten David Sylvian kan vere i Kristiansand.

Når Bolsjojballetten i helga dansar i Tromsø, må vi innsjå det endå ein gong: Verdsstjernene kjem ikkje berre til Oslo. Og godt er det.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur