Kultur

Tre av fire unge forlet nynorsken

Skuleelevar i nynorskområde forlet nynorsk som hovudmål når dei sjølve får bestemme.

For fyrste gong er det gjennomført ei omfattande undersøking av kvifor så mange skuleelevar skiftar hovudmål frå nynorsk til bokmål. Overgangen skjer tidlegare enn ein før har trudd.

Ikkje overraskande, men ein vekkar, seier prosjektleiar og norsklærar Karen Marie Kvåle Garthus, til Nationen.

LES OGSÅ:

Norsklærer starter parti mot nynorsk

Flest jenter. Gjennom pilotprosjektet Målstreken har Valdres Mållag, med støtte frå Noregs Mållag, spurt 414 elevar i regionen om språkhaldningar og språkskifte. Resultata viser mellom anna at:

* 75 prosent av elevane skiftar frå nynorsk til bokmål.

* Overgangen skjer tidlegare enn ein før har trudd: 37 prosent går over til bokmål mellom barneskule og ungdomsskule.

* Fleire jenter enn gutar forlet nynorsken.

* «Innflyttarforeldre» er ikkje årsaka til språkskiftet: 72 prosent av dei som har begge foreldra frå Valdres, skiftar frå nynorsk til bokmål.

LES OGSÅ:

Språk byggjer bruer

Identitet. Mange av skiftarane synest nynorsk er vanskelegare enn bokmål. Andre viser til at «bokmål er overalt og kan brukast overalt».

Når nynorsk er så godt som usynleg i offentlege kanalar, oppfattar ungdom det raskt. Då er det naturleg å velje det språket som blir brukt overalt. Det å velje nynorsk blir eit veldig markert val, seier Kvåle Garthus

Ho peiker også på fordelane med å meistre begge målformer.

Det å meistre nynorsk kan vere ein yrkesfordel. Aller størst i offentleg sektor der dei tek språklova på alvor. Vel så viktig er identitetsaspektet. Når ein skal finne ut kven ein er og kvar ein står, er språket viktig, meiner Kvåle Garthus.

LES OGSÅ:

Vil ha nynorsk i riksavisene

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur