Kultur

Rørande om menneskeverd

Dette er årets påskeperle på kino. Historien om Marie er eit gripande drama om ei nonne som lærer ei døvblind jente å kommunisere.

ANMELDELSE: Mange kjenner historia om Helen Keller, den amerikanske forfattaren som blei døvblind då ho var eit lite barn. Gjennom hjelpa ho fekk frå læraren Anne Sullivan lærte Keller seg både teiknspråk og talespråk, og ho blei ein verdsberømt talar og skribent.

Historia om Marie Heurtin er ikkje like kjent. Men ho er like rørande. Heurtin var fødd i Frankrike på slutten av 1800-talet, omtrent på same tida som Helen Keller. Ho var i motsetnad til Keller døvblind frå fødselen av. Den franske regissøren Jean-Pierre Améris byggjer på den sanne historie om Heurtin i filmen Historien om Marie. Foreldra hennar nekta å legge henne inn på sinnssjukehus, etter at ho vart diagnostisert som «åndssvak», men sendte henne i staden til det franske Larnay-instituttet, eit kloster der nonner sidan midten av 1800-talet har teke seg av og utdanna døve.

LES OGSÅ: Kjærlighet uten grenser

Hjartevarme

Handlinga i filmen startar her. Sidan Marie (Ariana Rivoire) er døvblind, er priorinna skeptisk til å la søster Marguerite (Isabelle Carré) få ansvaret for henne. Marguerite er i tillegg lungesjuk, og treng eigentleg kvile og fjelluft. Den hjartevarme nonna kjenner like fullt på eit kall til å ta Marie inn under vengene sine, og dermed byrjar ein vanskeleg veg mot å nå fram til den døvblinde jenta med teiknspråk.

Når Marie kjem til klosteret, oppfører ho seg på mange måtar som ein villkatt – ho sparkar og slår, og spring hylande rundt i grønsakshagen til dei sindige nonnene. Marguerite lukkast likevel tidleg med å etablere eit tillitsforhold gjennom hudkontakt, eit forhold som skal få fleire tilbakeslag undervegs. Dynamikken i skodespelet er derimot heile vegen på topp.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Rører ved hjartet

På ei side sett kan ein innvende mot Historie om Marie at filmen ikkje overraskar i vesentleg grad. Kanskje vil somme til og med meine at han er litt sentimental. Det bør uansett ikkje hindre deg frå å sjå denne påskeperla, som rører ved hjartet slik få filmar maktar å gjere det.

Tolsemda, hjartelaget, pedagogikken, humaniteten – det er fleire grunnar til at Historien om Marie er blant dei mest rørande forteljingane du kan sjå på kinolerretet denne påska. Eg gler meg med Marguerite over kvart nye teikn til framgang. Og både gret og smiler med Marie når historia får si varsla vending mot slutten.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur