Kultur

Poesi på nett i ti år

Diktkammeret er framleis ein suksess, ti år etter oppstarten for poesistaden på nett.

Kvar månad kan ein lese 6.000 nye dikt og diktkommentarar på nettstaden Diktkammeret. Dagbladet si litteratursatsing på nett vart startskotet for eit fenomen som enno lever i beste velgåande. Det finst mange som skriv dikt i dette landet. Anten ein har fått gitt ut diktsamling på eit forlag eller ikkje. I staden for å legge dikta i skrivebordsskuffa, ulesne, er det mange som får ny giv av diskusjonen som går føre seg på nettet.

Kristin Rosenberg er ein av dei. Ho hugsar godt den første gongen ho la ut sine første dikt i november 2004.

– Det var kjempeskummelt! Men eg var så oppglødd over å ha funne nettstaden, det var til og med ein diktlærar der, fortel Rosenberg.

Viktig stemme. Diktlæraren ho refererer til, heiter Helge Torvund. Den kjente poeten, som i seinare tid har fått mykje merksemd og tusenvis av følgjarar på Twitter, har skrive kommentarar til utvalde dikt på Diktkammeret i heile perioden sidan oppstarten

– Helge Torvund har vore den viktigaste stemme for å gi Diktkammeret ei retning, seier Maria Børja, prosjektleiar for nettstaden sidan oppstarten.

Saman står Torvund og Børja som redaktørar av boka Å våga seg ut i ord, som kom ut på Samlaget i haust. Boka samlar leksjonar og dikt gjennom ti år. Dersom ein blar igjennom denne, kan ein blant anna finne nokre kjente forfattarnamn.

– Det er 15 forfattarar som har debutert med eiga bok etter å ha skrive dikt på Diktkammeret. I byrjinga lurte vi litt på korleis det litterære etablissementet såg på prosjektet, men sjølv var vi heile vegen imponert over nivået, seier Børja.

Anonyme dikt. Framleis er det både publiserte og upubliserte diktarar som nyttar nettsida. Somme publiserer anonymt, som ein måte å få prøvd ut ein ny tekst på.

– Det er morosamt at dei held fram med å skrive, synest Børja.

Kristin Rosenberg har ikkje fått publisert ei diktsamling enno, men kom med ein roman for mange år sidan, før ho byrja å bruke Diktkammeret. Blant anna har ho utvikla ein heil diktsyklus gjennom fleire år på nettet. Kommentarane frå dei andre brukarane gir henne framleis inspirasjon.

– Å finne Diktkammeret var som å gå i ei aude gate, for så plutseleg å opne ei dør til eit rom der det syda av liv. Nettstaden er som ein brun kafé som er open døgnet rundt, seier Rosenberg.

Stort engasjement. Det kan skje at kommentarane på nettstaden fell i grøfta for så mange nettdebattar og blir usaklege, men oftast er det god hjelp i dei. Ein kan likevel ikkje følgje med på alt, for då rekk ein ikkje å skrive nye dikt sjølv.

– Ein må passe seg så ein ikkje matar trolla, smiler Rosenberg med eit uttrykk ho har fanga opp på Diktkammeret.

Børja meiner på si side at det store engasjementet vitnar om stort eigarskap. Den same eigarkjensla kjenner ho på sjølv, etter å ha vore fødselshjelpar og prosjektleiar så lenge. Ein periode etter at ho slutta i Dagbladet og begynte som informasjonsmedarbeidar i Operaen, var ho heilt ute av Diktkammeret. No er ho tilbake igjen, på kveldstid.

– Eg likar jobben så godt. Og eg likar han blir gjort, seier Børja.

– Har Diktkammeret hatt nokon påverknad på den norske samtidspoesien?

– Det må vere lov å påstå det, med så mange debutantar! Nettet har elles fått høgare status dei seinare åra, det er ikkje berre for det raske og dårlege. Dikta «lever» på ein annan måte enn i ei bok, det oppstår ei myldring rundt dikta som har mykje for seg og som tilfører den litterære verda noko.

Mjuk kjerne. Både Børja og Rosenberg er likevel einige om at det er stor nivåvariasjon på nettstaden. Ikkje alt er like godt, i og for seg naturleg nok. Det finst ein «mjuk kjerne» på rundt 100 brukarar som brukar mykje tid på Diktkammeret. Så er det mange fleire andre som er innom av og til.

– Kva har du lært av å vere på Diktkammeret, Kristin Rosenberg?

– Eg har lært mykje om å lese, og det å nærlese. Dessutan har eg lært mykje om skriving ved å lese kommentarar til både eigne og andre sine dikt, heilt ned til detaljar som linjeinndeling og teiknsetting.

– Kjem Diktkammeret til å eksistere om ti år?

– Eg ville iallfall bli frykteleg lei meg om det vart lagt ned, seier Rosenberg.

Ho er godt nøgd med at dei første ti åra er dokumenterte i bokform. Ho oppfattar boka som eit monument, og synest det kan vere godt å få skrive ting i stein ein gong iblant.

– Det er blitt ei staseleg bok, seier Rosenberg.

– Eg håper at mange kan lære ein del av denne boka. Ikkje berre dei som er mest aktive på Diktkammeret, avsluttar Maria Børja.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur