Bøker

Lars Mæhle er inspirert av trollet heime

Sigeren sat langt inne, men desto søtare var han då han kom. No lever Lars Mæhle det frie forfattarlivet.

Landet under isen heiter boka som kom for fire år sidan, og endra livet hans. Boka vart først innstilt til nulling i innkjøpsordninga til Kulturrådet, men det vart omgjort. Så fekk ho Kulturdepartementet sin pris for beste barne- og ungdomsbok i 2009, blei nominert til Brageprisen, og ikkje minst: U-prisen. Kven skulle trudd at ungdomsskoleelevar ville kåre ein murstein på 500 sider – skrivne på nynorsk – til årets beste bok i 2010? Sigeren var stor.

Slutt. Kanskje. Boka var ikkje meint som ein del av ein serie, men no sit forfattaren og eg på Stortorvets Gjestgiveri og et kake og talar om bok nummer to frå Landet under isen. Han vedgår at han var så sliten og glad då han endeleg hadde fått ferdig den første boka, at han ikkje drøymde om å skrive ei til. Men etter kvart vart suksessen og etterspurnaden stor, og han ombestemte seg. Den nye heiter Dødeboka, og er endå lengre enn den første. Men no er det slutt! Kanskje.

– Kva sette deg på sporet av Landet under isen?

– På heimstaden min, Sunndal på Nordmøre, ligg det ein isbre. Det går og ei segn om ei hole oppi fjellet, der det skulle bu eit troll som heiter Bobbin. Hola er verkeleg nok, ho vart funnen for nokre år sidan, men i min fantasi har eg laga ein tunell vidare innover i fjellet. Handlinga i boka går føre seg på to stader: Ein liten plass som liknar på heimbygda mi, og så dette «landet under isen».

LES ANMELDELSE AV BOKA: Kampen om evig liv

Rappa rått. – Her er mykje myter og stoff med religiøse røter – korleis har du utvikla dette?

– Eg har 20 vekttal i Religionshistorie frå universitetet, smiler Mæhle. Men vi skjønar at det er ei interesse langt ut over det, som ligg i botnen for plott og handling i desse bøkene. I den første var det dei tre store religionane som vart tematisert. I den nye spelar gammalegyptisk tru ei viktig rolle. Han vedgår at han har rappa rått frå ymse kjelder, men klypt og fila for å få det til å passe i hans eiga historie.

– Det rår ei slags forakt for fantasysjangeren. Mange trur at det berre er spenning og lite anna. For meg er det nærast som ein kjepphest at dette er ei litterær form som egnar seg til å ta fram viktige tema som lesarane kan få og tyggje på, seier Mæhle.

– Formidle lærdom rett og slett?

– Eg vil for all del ikkje verke belærande, men eg meiner at det går an å formidle ein del verdiar i skjønnlitteratur. Det var eg òg opptatt av i den førre boka mi, som eg skreiv etter 22. juli 2011: Fuck off, I love you.

– Er det spor etter katastrofen 22. juli i Dødeboka også?

– Du vil ikkje finne ei direkte kopling, men eg er opptatt av dette med ekstremisme og sekterisme. Ein finn ikkje løysingane i ytterkantane. Det er middelvegen som er gylden.

Nynorsk. – Kva har overraska deg mest når du har vore ute på skular og møtt unge lesarar?

– Det er overraskande at så mange har lese ei så tjukk bok som mi på nynorsk. Men så er det også noko dei fort spør om, dette: Kvifor skriv du på nynorsk? Og kor mykje tener du på å vera forfattar?

Ja, kva tener eigentleg ein forfattar med suksess i våre dagar? Mæhle går ikkje ut med tal, men det er nok til at han sa opp jobben i Gyldendal for eit par år sidan, og ikkje meir enn at det iblant er spennande å sjå korleis det går med kontoen. Og når det kjem til språk, har han alltid trivst best med nynorsk, jamvel om skulen på heimstaden hans i Nordmøre hadde bokmål som hovudmål. I dei lange åra då han sleit med å skrive seg fram som forfattar, freista han først på bokmål, men fekk avslag på avslag.

– Kva gjer det med ei forfattarspire å få dei ekle breva med «Vi takker for innsendt manuskript, men…»?

– Ein er heldigvis i godt selskap. Dei fleste må gjennom slike rundar. Men det er klart at det er hardt. Sjølvtilliten blir broten ned, og så må ein gå i gang med å byggje han opp att. Det er berre å stå på. Eg trur det er Jostein Gaarder som har sagt at den viktigaste ingrediensen i kreativitet er tålmod. Det kjennest slik.

Fisketur. Dei daglege kampane i forfattarlivet løyser Mæhle ved å ha fleire manus på gang samstundes. Om det stoppar opp i det eine, kan han gå laus på det andre, eller det tredje. Fem slike har han under arbeid no. Han har dessutan laga seg eit inspirasjonssystem som fungerer godt:

– Ein dag kvar månad tek eg med meg fiskestong, niste og notatblokk og legg ut på tur i marka. Det fungerer svært godt. Det hender eg får fisk til og med, fortel forfattaren.

Les mer om mer disse temaene:

Marianne Lystrup

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker