Kultur

Helt eller skurk?

Dokumentarfilmen om Edward Snowden er ein thriller frå verkelegheita.

Namnet Edward J. Snowden er nok kjent for dei fleste etter dei store avsløringane sommaren 2013. Då publiserte avisene The Guardian og The Washington Post sakene som gav ålmenta innsyn i USAs topphemmelege overvakingsprogram PRISM, styrt av National Security Agency (NSA). Det var Snowden, ein 30-årig dataekspert, som var varslaren. Somme har kalla det for den viktigaste lekkasjen i USAs historie. Andre, ikkje berre amerikanske styremakter, ser på Snowden som ein landssvikar. Han er sikta for spionasje og kjempar framleis for å kunne vende attende til USA frå eksilet sitt i Moskva.

Dekknamn

Dokumentarfilmen Citizenfour fortel historia om Snowdens spektakulære lekkasje. «Citizenfour» var dekknamnet han brukte då han først tok kontakt med dokumentarfilmskaparen Laura Poitras og journalisten Glenn Greenwald. I filmen konsentrerer Poitras seg om det vekelange møtet med Snowden i Hong Kong juni 2013. Vi møter ein sympatisk 30-åring som har reflektert grundig over sine eigne val, og forstår konsekvensane av varslinga han er i gang med.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Filmen har skapt debatt allereie før han har fått ordinær premiere. Oslo Journalistklubb hadde tysdag eit arrangement med tittelen «Helt eller skurk?», og stilte spørsmålet om avlyttingane som Snowden avslørte er ein trussel mot privatlivet og demokratiet eller ei nødvendigheit for å avsløre terror. «Burde Snowden kjeft, eller fortjener han fredsprisen?» var eitt av spørsmåla.

Engasjerer

Biletet er ikkje nødvendigvis svart-kvitt, slik ein representant for norsk etter­retning har tatt til ordet for at Snowden er 70 prosent skurk og 30 prosent helt. Eg vil likevel tru at prosentsatsen tippar nokså solid over på den andre sida hos dei fleste nordmenn som ser dokumentarfilmen Citizenfour.

Uavhengig av kva ein måtte meine om Snowdens måte å varsle på, er det ingen tvil om at historia om han engasjerer. «Eg er ikkje historia,» sa Snowden då han kom med lekkasjen for snart to år sidan. På sett og vis har han rett i det, men i Poitras’ dokumentar er han likevel det vesentlege omdreiingspunktet. Og filmen er spennande, som ein thriller frå verkelegheita. Både formgrep og relevans bidrog nok til at filmen vart løna med ­Oscar for beste dokumentarfilm i f­ebruar.

Relevant

Når viktige avgjerder om overvaking blir gjort i det skjulte, mister vi høvet til å gå slike avgjerder etter i saumane. I Oscar-talen sin sa Poitras rett ut at slik overvaking er ein trugsel både mot privatlivet og demokratiet. Denne problematikken blir svært tydeleg i Citizenfour. Og det er ikkje ein problematikk som blir utdatert med det første. Filmen er høgst relevant.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur