Frelse i den svake Gud

Den italienske filosofen Gianni Vattimo trur ikkje at Gud er nokon sterk familiefar. Det heilage openberrar seg gjennom det svake.

Min tro

På midten av 1990-talet skreiv den italienske filosofen Gianni Vattimo- bokaJeg tror at jeg tror. Her prøvde han å reetablere dialogen mellom religion og filosofi, ein dialog som til ein viss grad var gått tapt i den vestlege postmoderniteten. Vattimo har sidan stått midt i pulsen av ei rekkje filosofar som har «gjenoppdaga» religionen. Nyleg er han omsett til engelsk i bøkene «The Future of Religion», som han har skrive saman med Richard Rorty, og «After the Death of God», skrive saman med John D. Caputo.

– Med «Jeg tror at jeg tror vende» eg attende til røtene mine, fortel Vattimo.

– Eg hadde ein katolsk oppvekst, og var i 15-årsalderen i ferd med å bli ein liten helgen. Men eg ville ikkje bli prest. Etter at eg i 15- til 18-årsalderen utvikla ei dobbelt interesse for religion og politikk, fann eg ut at denne kunne kombinerast i filosofistudiet.

Kommunist

Interessa for politikk resulterte nyleg i at Vattimo sat fem år som medlem av Europaparlamentet. Men allereie frå unge år har prosjektet hans vore å finne ein tredje veg mellom liberalisme og kommunisme.

Tidlegare kalla han seg katolsk kommunist – eller «catto communist» på italiensk.

Det er likevel religion, og ikkje så mykje politikk vi snakkar om i dette intervjuet. Den raude tråden i Vattimos filosofiarbeid har vore å tolke moderniteten på ein måte som ikkje lar den kristne tanken liggje.

– Eg studerte under eksistensialisten Luigi Pareyson på Universitetet i Torino, det er viktig at du får med namnet hans, for han var så viktig for meg. Pareyson var også lærar for Umberto Eco, og vi var alle opptekne av å fornye den katolske tradisjonen, fortel Vattimo.

Ateisme

Vattimo tok graden sin på Aristoteles, men vart etter kvart endå meir oppteken av Nietzsche og Heidegger. Han samanlikna egostruktur hjå Nietzsche med maktstruktur hjå Marx, eit stoff han publiserte i bokform på 1970-talet. Etter kvart vart han oppteken av at den postmoderne ideen om at verda ikkje er éi, men har ei mengd historier.

– I denne verda var det ikkje rom for ateisme. Ateismen sin motivasjon kan formulerast i to punkt: 1) Vi kan ikkje bevise Gud, altså finst han ikkje. Og 2) «Gud» er berre trua til eit primitivt menneske. Med framveksten av strukturalismen vart ikkje ateismen lenger mogleg, verken historisk eller vitskapleg.

Det var i dette klimaet Vattimo- ønskte å vise at det religiøse perspektivet var fruktbart også frå ein filosofisk ståstad. Men han har komme til nokre erkjenningar som kanskje ikkje er kvardagskost på bedehuset: Sekularisering er primært eit kristent fenomen.

– Som kristen må eg bli meir og meir ateist. Som ein kan uttrykkje det i den paradoksale setninga: Takk Gud, eg er ateist!

Sekularisering

Vattimo utdjupar korleis han tenkjer om dette. Det dreier seg om å avvise det han oppfattar som eit gammaltestamentleg og «valdeleg» gudsbilete.

– Etter Jesus kan vi avvise det valdelege offeret. Jesus blei krossfesta nettopp fordi han snakka ei sjokkerande sanning: Gud er ikkje valdeleg, han er kjærleik! Gud som ein valdeleg, dømmande Gud er ein naturalistisk idé, seier Vattimo.

– Jesu prosjekt var eit sekulariseringsprosjekt?

– Ja, i den forstand at sekularisering er å ta det heilage ned til meir humane dimensjonar. Gud er neste-kjærleik!

Vattimo seier at han går veldig langt, kanskje for langt, i somme av refleksjonane sine. Til dømes trur han ikkje nødvendigvis at Gud har skapt den materielle verda.

– Eg kan ikkje tenke mitt åndelege liv utan å referere til ein Gud, men at han skulle ha skapt materien er ikkje så viktig for meg. Ein ven av meg meiner at det var Satan som skapte verda. Gud prøver berre å avgrense skaden.

Mytologi 

– La meg komme med eit dumt spørsmål: Trur du på Gud?

– Eg tenkjer med ein gong på Bonhoeffer, som sa at ein Gud som eksisterer, eksisterer ikkje. Eg trur ikkje at Gud er ein som bur i himmelen,- eller at han finst som éin i tre personar. Dette er ein mytologisk måte å tenke på. Men samtidig treng eg det mytologiske språket for å vere truande. Eg treng å vere avhengig av nokon. Eg kan ikkje forstå meg sjølv utan å tenke på at nokon har gjeve meg livet i gåve. Eg tenkjer likevel ikkje på Gud som ein familiefar.

Vattimo konkluderer:

– Eg trur på Bibelens Gud, i dobbelt forstand. Eg trur på forfattaren av Bibelen, og på hovudpersonen i Bibelen.

Filosofen tenderer i retning av å tru på Gud som «ord». Når -Vattimo trur på det som står i -Bibelen, trur han på ei overtyding og ein tradisjon, ikkje på ein person eller ei hending. Historia om frelse står for Vattimo som ei historie om tolking.

'Vendepunkt' 

– Korleis trudde du då du var 15 og «nesten helgen»?

– Eg trudde på den tradisjonelle katolske måten. Jesus var Guds måte å nå meg på. Dersom eg hadde trudd at frelse for sjela var avhengig av meg sjølv, ville eg nok ikkje gått ut av rommet om morgonen.

Vattimo blei i ungdomsåra klar over sin homofile identitet, og dette har sett preg på både tru og tanke.

– Eg har hatt ein del problem i relasjonane til kyrkja. Eg hugsar til dømes at eg leste i ei katekisme at homofili var spott mot Den Heilage Ande. Andre sa at det berre var ein «fase». Etter kvart vart dette spørsmålet eit vendepunkt for meg. Eg kunne ikkje akseptere at Gud er identisk med ei «naturleg lov», slik homofili blir sett på som å vere mot naturen. Men lenge maskerte eg engasjementet mitt bak spørsmål om krig og dødsstraff: Kvifor kunne Gud godta det?

Svak tenking

Etter kvart vart det Heidegger som «frigjorde» Vattimo- frå seksualetikken i den katolske kyrkja. Seinare har han vendt attende til kyrkja med -filosofien som er blitt kjent under nemninga «svak tenking».

– Frelsa ligg i dette svake, det at Gud kom som eit barn. Inkarnasjonen trur eg sterkt på, iallfall slik det står skrive i evangelia. Eg bryr meg ikkje så mykje om historiske fakta. Det er eit problem, for eg ønskjer å tru på noko som faktisk har hendt. Men ein kan også få problem av å berre tru på hendingar, seier Vattimo.

Han tek opp att det han nyleg sa om Gud, at han trur på Gud som forfattaren av og som hovudpersonen i Bibelen.

– Kanskje blir det litt som å tru på Ivan Karamasov. Men eg kan klare meg utan Brørne Karamasov; eg klarer meg ikkje utan Guds ord, avsluttar Gianni Vattimo.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Min tro